Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. mai 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erlend Larsen, Margret Hagerup, Kari Sofie Bjørnsen, Monica Molvær, Haagen Poppe, Ove Trellevik og Bård Ludvig Thorheim om økt produksjon og eksport av norsk lokalmat og drikke (Innst. 256 S (2025–2026), jf. Dokument 8:149 S (2025–2026))

Innlegget

La meg starta med uttrykka glede over alkoholforslaget som får fleirtal i dag. Det er veldig bra. La meg òg få lov til å formidla ei forventning til landbruksministeren om ei tett oppfølging av strategien «Oppskrift for mer lokalmat og mer lokal drikke» og dei tiltaka som ligg i den. Eg har tenkt å bruka mitt innlegg til det som openbert er ei svær misforståing i representantforslaget frå Høgre. La meg først ta historia: Det vert vist til Solberg-regjeringa, men det er ikkje Høgre som skal ha æra for lokalmatsatsinga i Noreg. Det er tungt for meg å seia det, men det var Venstre og Lars Sponheim som sette i gang det. Det er ei grunnleggjande misforståing eg vil påpeika: Høgre, eit parti som ikkje respekterer jordbruksoppgjeret, som ønskjer å svekkja tollvernet, og som i dette representantforslaget skriv negativt om marknadsreguleringa, har ikkje forstått at den fantastiske historia me har klart å utvikla rundt lokalmat i Noreg, faktisk byggjer på den landbrukspolitikken som ligg i botnen. Trua på at norsk landbruk aleine kan leva på lokalmat og spesialitetar, heng ikkje saman. Eg vil sitera frå representantforslaget til Høgre: «Dessverre legger jordbrukspolitikken føringer som primært insentiverer generisk volumproduksjon». Det skal ifølgje Høgre openbert vera ein styggedom. Kva er det snakk om her? Jo, det handlar om å produsera mjølk, egg, kjøt og poteter til folk. Det klarer Høgre altså å framstilla som nærmast noko negativt. Er det sånn ein tenkjer når ein vil svekkja tollvernet og ikkje vil gå inn for jordbruksoppgjeret – at det kan ein heller importera? Det er ei veldig elitistisk tilnærming til heile problemstillinga, som manglar ei grunnleggjande forståing av kva det er som er viktig i norsk landbruk. For eksempel ville ikkje den fantastiske satsinga på norsk ost vore mogleg viss me ikkje hadde hatt Tine, marknadsregulering og tollvernet. Det er det som har gjeve folk rundt omkring i heile landet den tryggleiken som har vore nødvendig for å utvikla fantastiske ostar. Dei har visst at viss dei ikkje klarer å bruka heile mjølka, stiller Tine opp. Dei veit òg at viss dei treng meir mjølk, vil Tine stilla opp og levera ho. Høgre klarer altså å laga dette til eit problem. Høgre ha null truverd i landbrukspolitikken. La meg leggja til at det òg gjeld for Framstegspartiet. Representanten Tor André Johnsen held gode innlegg, men før han får med seg sitt eige parti på å respektera jordbruksforhandlingane, sikra tollvernet og stå opp for marknadsreguleringa, kan han eigentleg seia kva han vil – det har null truverd. Lokalmatsatsinga som Høgre etterspør her, er ikkje mogleg viss ein ikkje har ein skikkeleg jordbrukspolitikk i botnen, som gjer at norske bønder kan tena pengar på å produsera generiske volumvarer. Det er viktig, og det må landbruksministeren følgja opp i jordbruksforhandlingane som no finn stad. Eg tek opp forslag nr. 3.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat