Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 12. mai 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erlend Larsen, Margret Hagerup, Kari Sofie Bjørnsen, Monica Molvær, Haagen Poppe, Ove Trellevik og Bård Ludvig Thorheim om økt produksjon og eksport av norsk lokalmat og drikke (Innst. 256 S (2025–2026), jf. Dokument 8:149 S (2025–2026))
Innlegget
I går var eg og besøkte Rørosmeieriet – ein fantastisk produsent av lokalmat som viser at lokalmat er verdiskaping, næring og arbeidsplassar. Rørosmeieriet opplever stor etterspørsel etter økologisk mjølk, og dei opplever vanskar med å få nok økologisk mjølk. Eg trur eg er einig med landbruksministeren i at det å ha eit eige forholdstal for økomjølk er ein veldig dårleg idé, men parti som er opptekne av å ta vare på desse grunnleggjande ordningane i landbruket, må òg vera opptekne av å løysa problem når dei oppstår. Ei veldig enkel løysing her er å suspendera eller fjerna overproduksjonsavgifta på mjølk resten av året. Er det eit forslag landbruksministeren vil gjennomføra for å sikra at me får ut det potensialet til å produsera økomjølk i ein situasjon der etterspørselen er større enn tilbodet?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat