Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 12. mai 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erlend Larsen, Margret Hagerup, Kari Sofie Bjørnsen, Monica Molvær, Haagen Poppe, Ove Trellevik og Bård Ludvig Thorheim om økt produksjon og eksport av norsk lokalmat og drikke (Innst. 256 S (2025–2026), jf. Dokument 8:149 S (2025–2026))
Innlegget
Det er nettopp det som er bakgrunnen for at me i Senterpartiet ikkje ønskjer å skilja forholdstala på økomjølk og konvensjonell mjølk. Men det vil ta lang tid å få til denne omlegginga, og me står i ein situasjon der det faktisk er bønder som sannsynlegvis kan produsera noko meir i år enn dei har kvote til. Det handlar ikkje om å gje dei tillating til det, men det handlar om å unnlata å straffa dei med ei overproduksjonsavgift viss dei gjer det. Dette er jo eit grep som statsråden ikkje treng å koma til Stortinget for å gjera, og eg trur det vil auka legitimiteten rundt mjølkekvotesystemet viss ein gjer det. Eg forstår at ein er skeptisk når representanten Johnsen spør, som trass alt ikkje er for dette systemet, men her kjem det frå eit parti som kanskje er den fremste forsvararen i Noreg av at me skal ha ei god og solid regulering av mjølkemarknaden.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat