Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 12. mai 2026

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Harry Valderhaug, Jorunn Gleditsch Lossius, Jonas Andersen Sayed, Jørgen H. Kristiansen om å forenkle kravene til boligbygg for å redusere byggekostnader og boligpriser (Innst. 257 S (2025–2026), jf. Dokument 8:151 S (2025–2026))
Innlegget
Byggjenæringa er inne i den verste krisa sidan finanskrisa. Det har årleg vorte sett i gang bygging av 14 000 bustader, mot regjeringa sitt mål på 26 000 bustader. For unge vaksne og barnefamiliar i Oslo og andre norske byar er ikkje dette abstrakt statistikk. Det er skilnaden på å eige eller leige. Det er skilnaden på å byggje eit trygt familieliv eller ikkje. Det er skilnaden på å bu ein stad ein tenkjer kan vere bra for barna eller å bu der ein har råd. Bustadpolitikk er også familiepolitikk, og det hastar å gjere grep som monnar. Rapporten frå UNION frå 2025 dokumenterer at det kostar 55 000 kr per kvadratmeter å byggje norske bustader, mot 32 000 kr i Sverige. For ei leilegheit på 60 kvadratmeter betyr det nesten ein million kroner meir. Det meste av denne skilnaden på rundt 70 pst. kjem frå strengare norske byggtekniske krav. Det er reglar som er innførte med gode intensjonar, men som samla sett har vorte urimeleg kostnadsdrivande. KrF fremjar difor dette representantforslaget, som ber regjeringa endre forskrift om tekniske krav til byggverk, med mål om ein vesentleg reduksjon i byggjekostnader gjennom forenklingar, fjerning av unødvendige krav og harmonisering med anna norsk regelverk. Det er med andre ord eit heilskapleg grep, for det vi ser, er eit heilskapleg problem. Fleirtalet i komiteen valde å stemme ned forslaget, og det er sjølvsagt fleirtalet sin rett. Det er verdt å merke seg at fleirtalet i stor grad er samd i diagnosen, ein er berre ikkje samd i at Stortinget bør gje eit tydeleg oppdrag til regjeringa. I staden vert det vist til at regjeringa allereie har sett i gang eit arbeid. Det er der vi er usamde. Det er positivt at regjeringa har peikt ut lettingar i enkeltkrav, men vi meiner det ikkje er tilstrekkeleg. Enkelte justeringar i eit elles kostnadsdrivande regelverk er ikkje det same som ei heilskapleg gjennomgang. Problemet med TEK17 er ikkje at eitt krav er for strengt, men at krava samla sett – stikkontaktar, ventilasjonsanlegg, snusirklar, dokumentasjon – vert summerte til bustader som stadig færre har råd til å kjøpe. At ein no byrjar å plukke ut enkelte tiltak frå byggjenæringa sine 72 forslag, er ikkje det same som å ta utfordringa nok på alvor. KrF meiner difor at ein må sjå på krava samla sett, ikkje enkeltvis. Vi må sjå på den samla effekten – kva er prisen kjøparen til slutt skal betale, og er det rimeleg at det norske byggjeregelverket er vesentleg strengare enn i land vi elles samanliknar oss med? Eg er glad for at det no vert teke steg i rett retning, men vi skulle gjerne sett meir. Eg vil leggje til at KrF kjem til å støtte mindretalsforslaget som er fremja og tatt opp av Høgre.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat