Innlegget
På vegner av saksordførar Erlend Wiborg vil eg gjerne seia nokre ord. Dette er eit representantforslag frå Kristeleg Folkeparti om å oppheva heimreiseforbodet for ukrainarar. I komitéinnstillinga har SV og MDG støtta den intensjonen. Eg reknar med at dei sjølve vil gjera greie for bakgrunnen for det. Dei andre partia har valt å gå imot, med litt ulike grunngjevingar i ulike merknader. Eg vil fokusera på Framstegspartiets utgangspunkt. Me har som eit grunnleggjande prinsipp i asylpolitikken at dersom ein har behov for beskyttelse frå eit land, skal ein som hovudregel ikkje kunna reisa tilbake til det landet på ferie eller besøk utan at det får konsekvensar for opphaldsløyvet. Det prinsippet må gjelda alle, også ukrainarar. Då den kollektive beskyttelsen vart innført etter Russlands brutale fullskala invasjon av Ukraina, var situasjonen ekstraordinær. Noreg stilte opp, og det var riktig. Millionar av menneske var på flukt frå krig og usikkerheit. Den opphavelege ordninga, der ukrainarar kunne reisa fram og tilbake til heimlandet utan konsekvensar, var etter Framstegspartiets meining feil. Det var difor også riktig at regelverket vart stramma inn i 2023. Det handlar om truverdet i heile asylinstituttet. Viss ein skal kunna reisa tilbake til det landet ein hevdar at ein flyktar frå, sender det eit signal om at beskyttelsesbehovet kanskje ikkje er så sterkt likevel. Då er det også naturleg at norske myndigheiter vurderer om grunnlaget for opphald framleis er til stades. Dette er ikkje urimeleg. Det er sunn fornuft. Det er viktig å understreka at det ikkje er forbode for ukrainarar å reisa heim, det står dei fritt til å gjera, men når opphaldsløyvet er gjeve på grunnlag av beskyttelse, må det få konsekvensar dersom ein frivillig reiser tilbake til området ein har søkt beskyttelse frå. Det same prinsippet gjeld for alle andre asylsøkjargrupper. Me har stor forståing for at mange ukrainarar saknar familie, venar og heimlandet sitt. Krigen har skapt enorme menneskelege lidingar. Nettopp difor er det viktig å halda fast ved kva kollektiv beskyttelse faktisk er, nemleg ei midlertidig ordning for personar som har behov for beskyttelse. Det er ikkje ei ordning der ein skal kunna pendla mellom Noreg og heimlandet utan konsekvensar. Framstegspartiet meiner Noreg framleis skal hjelpa menneske som flyktar frå krig, men me skal også føra ein konsekvent, truverdig og rettferdig asylpolitikk. Difor støttar me ikkje representantforslaget og heller ikkje det lause forslaget som kom KrF har sett fram i dag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
