Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 12. mai 2026

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Margret Hagerup, Tage Pettersen, Mari Holm Lønseth og Tone Wilhelmsen Trøen om å sikre forutsigbar finansiering for krisesenterbygg (Innst. 242 S (2025–2026), jf. Dokument 8:170 S (2025–2026))
Innlegget
Ja, så enkelt kan det gjerast. Eg håpar mange tek opp den videosnutten av at Raudt seier seg fornøgd, og spelar han av når statsbudsjettet er kome, og så kan me sjå om ein er like fornøgd då. Eg har lese ordlyden i tilrådinga som Arbeidarpartiet har fått dei andre partia med på, og ordlyden er: «Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan krisesentrenes finansieringsordninger for investeringer i bygg bør utformes, og komme tilbake til Stortinget i forbindelse med fremleggelse av statsbudsjettet for 2027.» Det er ganske tannlaust. Regjeringa skal berre koma med ei omtale og ei vurdering. Me har høyrt på statsråden her, me har lese brevet, og me har sett haldninga, så ein treng ikkje vera særleg til spåmann for å skjøna at det neppe blir lagt inn dei heilt store satsingane frå regjeringa, når dei kjem tilbake. Då er det synd at dei partia som herifrå gav uttrykk for at dei var så glade og fornøgde, ikkje heller kunne stemt for forslaget til Framstegspartiet eller det som Framstegspartiet og Høgre har i lag, for då hadde dei sikra at krisesentera faktisk får pengar. Det er difor eg tok ordet. I heimdistriktet mitt, i Sunnhordaland og Haugalandet, samarbeider 26 kommunar om eit felles interkommunalt krisesenter. Det skal liggja på Aksdal i Tysvær kommune og vil romma tilbod for 26 kommunar. Me har fått eit tydeleg brev til komiteen, og det understrekar alvoret. Dei fortel at berre i dei 26 kommunane har det vore over 3 000 overnattingsdøgn. Det fortel oss kor viktig dette tilbodet er. Gjennomsnittleg overnatting er 32 dagar. Det viser kor stor krise mange familiar er i, som må vera på eit slikt senter i 32 dagar. Dette er berre ein liten del av Noreg, der dei har eit slikt tilbod. Desse kommunane er nøydde til å byggja dette senteret no. Ein kan spørja kva kommunane i Sunnhordland og Haugalandet er mest tente med. Er dei mest tente med modellen til Høgre og Framstegspartiet, om at Husbanken kan gje dei tilskot og løyvingar slik at dei kan få bygd dette, eller er dei mest tente med forslaget til dei raud-grøne, om at ein skal venta og sjå, vurdera og koma tilbake med ei vurdering i statsbudsjettet? Eg trur alle i Sunnhordaland og Haugalandet er tydelege på at dei hadde føretrekt modellen til Høgre og Framstegspartiet, nemleg at ein brukar Husbanken, som kan understøtta kommunar med investeringsstøtte til viktige kommunale investeringar. Det er jo ikkje so komplisert at ein seier at det ikkje er ein del av samfunnsoppdraget til Husbanken. Husbanken hadde veldig enkelt kunna gjeve tilskot til dette, på lik linje som dei gjev tilskot til mange andre kommunale investeringar. Dette handlar om vilje. Dessverre har ikkje regjeringa vist vilje til å inkludera krisesenter i nokon ordningar. Dei har ikkje vore villige til å satsa meir pengar på dette i budsjetta sine. Og dessverre har dei fått dei andre partia med seg på å venta til statsbudsjettet. Dei andre partia som er veldig opptekne av dette, kunne røysta for våre forslag og instruert regjeringa til faktisk å levera. Denne tilrådinga som ligg på bordet, trur eg ikkje leverer noko som helst.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat