Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 12. mai 2026

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Margret Hagerup, Tage Pettersen, Mari Holm Lønseth og Tone Wilhelmsen Trøen om å sikre forutsigbar finansiering for krisesenterbygg (Innst. 242 S (2025–2026), jf. Dokument 8:170 S (2025–2026))
Innlegget
Det er ikkje meininga å forlengja debatten, men det hadde vore litt interessant, spesielt i lys av innlegga etter mitt innlegg, frå dei som følte seg trefte. Sidan statsråden fekk så få spørsmål i replikkordskiftet, kan eg tillata meg å stilla eit spørsmål, for det er ein nyanseforskjell her. Eg les forslaget som at regjeringa skal vurdera ulike ordningar, og dei står då fritt til å beskriva at me har ei lita tilskotsordning gjennom Barne- og familiedepartementet, dei kan beskriva Husbanken, og dei kan koma tilbake i statsbudsjettet og beskriva ulike ordningar. Men dei er ikkje forplikta til å føreslå ei styrking, sånn at krisesentera faktisk får meir pengar i 2027. Viss det i så fall er forståinga, at regjeringa er forplikta til å leggja meir pengar på bordet for krisesenterinvesteringar i kommunar i 2027, er det jo ein heilt annan ordlyd enn den mange les. Det kunne vore veldig interessant å høyra statsråden sine eigne ord – om han les dette vedtaket som ein instruks i å faktisk levera meir pengar i 2027? Eller er det berre at han skal vurdera ulike ordningar, og så står han heilt fritt til å kunna koma tilbake til Stortinget i oktober med at han har vurdert og beskrive det og ikkje lagt inn ei einaste krone? For det er ganske vesentleg, i alle fall når parti gir uttrykk for at dei kunne stemt med oss og danna fleirtal for eit anna forslag i dag, viss forståinga er at regjeringa ikkje er forplikta til å leggja meir pengar på bordet. Då er det vesentleg at statsråden faktisk svarar på om regjeringa føler at Stortinget forventar at det skal koma meir pengar i 2027, eller at ein berre ber dei vurdera om ein skal koma med meir pengar i 2007. Eg håpar at statsråden teiknar seg og kan svara på dette før vi går til votering seinare.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat