Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 12. mai 2026

SakInnstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Bengt Fasteraune, Ole Herman Sveian og Geir Inge Lien om meir ja og mindre nei i byggjesaker (Innst. 238 S (2025–2026), jf. Dokument 8:188 S (2025–2026))
Innlegget
Helge André Njåstad (FrP) [19:53:19] (ordførar for saka): Statsråden avslutta førre debatt med å seia at han var litt småsjuk, men likevel var på jobb. Eg trudde det var litt for mykje heiing i cupfinalen på søndag som var bakgrunnen for at stemma hans var litt rusten. Iallfall er det grunnen til at underteikna òg har litt dårleg stemme, for det vart heia mykje. Men eg får gratulera statsråden med ein siger etter ein utruleg spennande kamp. Så tilbake til det me driv med her, nemleg å diskutera arealpolitikk, som dette forslaget dreiar seg om: Senterpartiet har levert eit representantforslag som har tittelen «meir ja og mindre nei i byggjesaker». Forslaget har med seg ein del forslag, og så har ein under behandlinga lagt inn ein del andre forslag i tillegg. Det er vorte ei ganske stor innstilling med masse ulike forslag. Eg reknar med at dei som står bak dei ulike forslaga, vil gjera greie for dei sjølv. Eg vil difor seia litt om kva Framstegspartiet tenkjer. Me synest tittelen på forslaget frå Senterpartiet er veldig bra. Framstegspartiet heiar på ja-kommunar. Me heiar på «ja». Me synest at plan- og bygningsloven er ein ja-lov, og me synest det er heilt openbert at det skal seiast meir ja enn nei i byggjesaker. Så me synest tittelen var veldig bra, men så synest me at sjølve forslaga om å setja ned eit utval kanskje ikkje er riktig medisin for å oppnå den ja-haldninga som me ønskjer å få på plass. Me er redde for at å setja ned eit utval kan bety at ting som det allereie er fleirtal for, og ting som allereie er lågthengande frukter for å få meir ja, vil måtta venta på eit utvalsarbeid. Difor er me skeptiske til å setja ned eit utval, spesielt når me veit at Stortinget allereie har fatta mange viktige avgjerder. Der har Senterpartiet spelt ei nøkkelrolle i lag med Høgre, Kristeleg Folkeparti og også i Framstegspartiet. Dei fire partia har allereie funne saman i mange viktige vedtak om arealpolitikken, både når det gjeld å avgrensa statsforvaltarane sin moglegheit til å fremja motsegner og fleire andre viktige forslag, sjå på dispensasjonsparagrafen, osv. Me er meir utolmodige enn å setja ned eit utval. Me ønskjer at regjeringa skal gjennomføra Stortingets vedtak òg når det er dei fire partia som står bak. Me håpar at me i dag kan vera med og bidra til nye vedtak, òg når det gjeld rolla til statsforvaltaren. For at me skal få på plass bustadbygginga, for at me skal leggja til rette for næringsliv, og for at me skal heia på det lokale sjølvstyret, er det viktig at det blir meir ja enn nei. Difor er Framstegspartiet med på ei rekkje forslag, men me er ikkje med på å setja ned fleire utval, for me er utolmodige. Me treng handlekraft for å få ein meir positiv ja-politikk. Med det tek eg opp dei forslaga Framstegspartiet er med på.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat