Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 12. mai 2026

SakInnstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Bengt Fasteraune, Ole Herman Sveian og Geir Inge Lien om meir ja og mindre nei i byggjesaker (Innst. 238 S (2025–2026), jf. Dokument 8:188 S (2025–2026))
Innlegget
Eg seier meg heilt einig med statsråden i at stemma ikkje vart øydelagd av supporterane frå Bodø Glimt, for dei høyrde meg knapt på søndag. Spørsmålet mitt handlar litt om familieterapisituasjonen eller skilsmisseoppgjeret – eller kva ein skal kalla det – mellom Senterpartiet og Arbeidarpartiet, som me nettopp var vitne til, der ein diskuterer kor vidt Arbeidarpartiet kasta ut litt av gjenstandane som Senterpartiet bringa inn i ekteskapet, då dei flytta ut. Det betyr ein del for kommunane kva signal som blir sende ut frå departementet. Eg trur statsforvaltarane les tildelingsbreva og signala frå regjeringa nøyare enn dei følgjer med på den løpande stortingsdebatten. Så eg vil gjerne gjenta: Det er jo ikkje sånn at ein berre har omformulert. Ein har faktisk teke ut ei setning som har vore viktig for lokaldemokratiet. Kan statsråden fortelja kvifor den Senterparti-setninga ikkje var verd å ha med vidare då dei fekk vera åleine i regjering?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat