Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 12. mai 2026

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakInnstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Bengt Fasteraune, Ole Herman Sveian og Geir Inge Lien om meir ja og mindre nei i byggjesaker (Innst. 238 S (2025–2026), jf. Dokument 8:188 S (2025–2026))

Innlegget

Eg trur me skal fotballen liggja no. Statsråden har hatt nok referansar der, men at me var sjansjelause, håpar eg ikkje blir ståande for ettertida, for det var me verkeleg ikkje. Når han seier at stortingssalen ikkje er eigna til parterapi, er eg einig i det. Eg trur kanskje ikkje eg er den beste parterapeuten mellom dei to partia heller, men eg registrerer i alle fall at Senterpartiet etter den skilsmissa snur seg i ei anna retning i arealpolitikken her i denne sal. I stor grad har dei danna fleirtal i lag med Kristeleg Folkeparti, Høgre og Framstegspartiet. Heldigvis er det eit fleirtal, og ein har gjort mange vedtak. Ein er i dag iferd med å gjera fleire. Felles for dei alle er at dei vil styrkja lokalt sjølvstyre, dei vil ha meir sunn fornuft, og dei vil ha mindre statleg overstyring frå byråkratar av folkevalde ute i kommunane. Mitt spørsmål er: Tek regjeringa på alvor at eit stortingsfleirtal i sak etter sak har gjort sånne vedtak, og blir det skriftleggjort overfor statsforvaltarane at me forventar at ein følgjer Stortingets vilje?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat