Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. mai 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Pollestad, Trygve Slagsvold Vedum, Bengt Fasteraune, Erling Sande og Ole Herman Sveian om naturskadeordningen (Innst. 258 S (2025-2026), jf. Dokument 8:134 S (2025-2026))

Innlegget

Klimaendringane gjev meir ekstremvêr, og med det blir òg dei skadane som ekstremvêret og naturkatastrofane påfører menneska og lokalsamfunna, større. Det er difor velkome med ein gjennomgang av naturskadeordninga, slik statsråden har varsla, og ein sak i dag der me behandlar dette. Det er eit problem i dag at saksbehandlinga tek lang tid. Det er òg ei utfordring at kommunane manglar oppdatert informasjon om naturskadeordninga for å kunna gje god rettleiing av innbyggjarane som blir ramma. Endå meir vil eg seia det er eit problem at kommunane ikkje har tilstrekkelege ressursar og kapasitet til å gjera dette arbeidet. SV er med på fleire forslag her i dag, bl.a. om å sikra god informasjon til kommunane og om å gå gjennom nivået på eigenandelane, særleg for dei som blir ramma fleire gonger. Så vil SV òg framheva at matjorda bør ha sterkare vern ved naturskade då matjorda vår er ein kritisk viktig ressurs og ein altfor knapp ressurs i dag. Naturskadeordninga er innretta på å dekkja tap når skaden har skjedd. Me vil òg at ordninga skal kunna dekkja sikringstiltak og førebygging. Då er det verdt å leggja til at den aller beste førebygginga, i tillegg til å unngå eller dempa dei verste klimaendringane, er å spela på lag med naturen. Naturen er vårt aller beste vern mot ekstremvêr, og det å la vera å byggja ned eller la vera å tukla med naturen er faktisk det luraste me kan gjera for å unngå store kostnader til å reparera eller erstatta skadar i etterkant. I motsetning til asfalt og betong tar naturen imot og dempar effektane av flaumvatn og reduserer erosjon. Det er verdt å ha i bakhovudet når me diskuterer naturskadeerstatningar. SV vil at me tek vare på og òg restaurerer natur. Det kan me gjera kvar dag, og den utfordringa går særleg til dei nedbyggingsglade partia i denne i salen. Med det tek eg opp forslaga SV er med på.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat