Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 12. mai 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erlend Larsen, Margret Hagerup, Kari Sofie Bjørnsen, Monica Molvær, Haagen Poppe, Ove Trellevik og Bård Ludvig Thorheim om økt produksjon og eksport av norsk lokalmat og drikke (Innst. 256 S (2025–2026), jf. Dokument 8:149 S (2025–2026))
Innlegget
Norske råvarer og norsk mat er ikkje berre godt – det er avgjerande for sjølvforsyninga og matberedskapen vår, og i ytterste fall vår evne til å overleva. I tillegg er det opphav til verdiskaping, levande lokalsamfunn og gode opplevingar. Det er veldig kjekt å sjå og oppleva både den aukande produksjonen av lokal mat og drikke og den aukande entusiasmen og stoltheita for lokale tradisjonar og lokale nyvinningar. Dei siste tiåra har me bl.a. fått meir småskalaproduksjon av vin, sider, øl og brennevin. I f.eks. Ryfylke blir det til og med produsert raudvin, og rundt omkring på bygdene er det no mogleg å koma på besøk og oppleva både produksjonen og dei flotte omgjevnadene. SV meiner det skal vera mogleg å kjøpa med seg mindre mengder av den lokalproduserte drikka, òg når ho inneheld over 4,7 pst. alkohol. Kanskje vil denne representanten riktignok gjera eit mogleg unntak akkurat for eggelikør og kremlikør. Ei slik ordning må rammast godt inn, for dette skal ikkje utfordra den utmerkte ordninga me har som heiter Vinmonopolet. Bakom lurer EØS-spøkelset, som me må passa oss vel for. Problemet med EØS er jo at det er ein dynamisk avtale, og at EU-reglane er overordna våre eigne. Difor må eit fornuftig tiltak for distrikta, matproduksjonen og lokalt næringsliv, som me no går inn for, målast opp mot det me trur at EU-reglane vil tillata. SV legg til grunn at dette vedtaket er innafor handlingsrommet i EØS-avtalen, og at me bør bruka det handlingsrommet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat