Innlegget
Miljøpartiet Dei Grøne føreslår i dokumentet ein plan for lokalsjukehusa. Dei vil ha vurdert ein ny kategori sjukehus, nærsjukehus, med ein avgrensa akuttberedskap. I tillegg føreslår dei å greia ut ein ny organisering av ambulansetenesta i distrikta, som møteordningar og heimevakt. Til slutt føreslår dei å greia ut endringar i fordelingsnøkkelen for helseføretaka. For Senterpartiet er det ikkje aktuelt å støtta desse forslaga, med unntak av det siste, som går på fordelingsnøkkelen for helseføretak, slik at denne i større grad tar omsyn til lokalsjukehusa og ambulansetenesta sine behov. Vi fremjar difor forslag om dette i innstillinga. Vi meiner at dei andre forslaga går langt i å avvikla dagens fullverdige lokalsjukehus, med breiddekompetanse, og gjera dei om til lokalmedisinske senter med noko akutt beredskap og polikliniske tilbod. Det er Senterpartiet kritisk til. Dei fleste pasientane vert i dag ferdigbehandla på lokalsjukehusnivå, mens eit mindretal av pasientane treng meir spesialisert helsehjelp som ein kan få ved eit større og meir spesialisert sjukehus. Lokalsjukehus med breiddekompetanse er difor grunnmuren i helsetenesta i Noreg, og er òg viktige utdanningsinstitusjonar og sikrar helseberedskapen. Senterpartiet er i dag bekymra for ein bit for bit nedlegging og svekking av lokalsjukehusa i landet, og vi etterlyser politisk vilje til å sikra desentralisering og sjå verdien av lokalsjukehus, som nettopp grunnmuren i helsetenesta vår. I Nasjonal helse- og samhandlingsplan står det at meir av den elektive verksemda skal flyttast ut til lokalsjukehus, og vi kan ikkje sjå at dette er fylgt opp på ein fullgod måte. Senterpartiet føreslår no å be regjeringa koma tilbake til Stortinget med korleis dei nasjonale, faglege responstidsmåla for ambulanse kan nåast i alle kommunar. Men Arbeidarpartiet og Høgre meiner visstnok at desse faglege måla ikkje skal gjelda alle stader i landet. Vi føreslår òg at regjeringa må sikra at lokalsjukehus vert nytta aktivt i arbeidet med å få ned ventelistene i spesialisthelsetenesta. Vi meiner at Lærdal sjukehus må nyttast i arbeidet med å få ned ventelister og fristbrot, og at det kan vera ei billegare løysing innanfor det offentlege helsevesenet enn f.eks. å gi dobbeltakst til kommersielle tilbydarar i Bergen, slik det no vert lagt opp til. Da kunne ein utnytta tre velutstyrte og fullt operative operasjonsstover ved Lærdal i ei tid der det er stort behov for slike fasilitetar. Med det tar eg opp Senterpartiets forslag til saka.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
