Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 12. mai 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Marius Langballe Dalin, Arild Hermstad, Julie E. Stuestøl, Siren Julianne Jensen, Oda Indgaard og Ingrid Liland om utvikling av mindre sjukehus, desentralisering av polikliniske tenester og kortare reiseveg for å få helsehjelp (Innst. 252 S (2025–2026), jf. Dokument 8:133 S (2025–2026))

Innlegget

I revidert nasjonalbudsjett skriv regjeringa at ein vil be alle helseregionar om å jobba for å få ned ventelistene og fristbrota. Eg vil utfordra statsråden, for eg har aldri høyrt statsråden snakka om at det er viktig at dei offentlege lokalsjukehusa vert med i dette arbeidet. I forslaget vi behandlar i dag, har vi eit forslag om det som Arbeidarpartiet stemmer imot. Vi har òg eit forslag om at ein skal oppretta eit ventelisteprosjekt ved Lærdal sjukehus. Eg tenkjer at når ein har velutstyrte og fullt operative operasjonsstover på eit offentleg sjukehus, og ein i staden skal kjøpa inn den same kapasiteten hos private, er det ikkje til fordel for det offentlege helsevesenet. Vil statsråden kunna støtta eit slikt ventelisteprosjekt i Lærdal og i andre offentlege sjukehus?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat