Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 12. mai 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Marius Langballe Dalin, Arild Hermstad, Julie E. Stuestøl, Siren Julianne Jensen, Oda Indgaard og Ingrid Liland om utvikling av mindre sjukehus, desentralisering av polikliniske tenester og kortare reiseveg for å få helsehjelp (Innst. 252 S (2025–2026), jf. Dokument 8:133 S (2025–2026))
Innlegget
Takk for eit positivt svar. Da forventar eg at det vert synleg i oppdragsdokument at òg lokalsjukehus må takast i bruk. Det ser eg fram til. Eg har eit oppfølgingsspørsmål om forslaget om responstidsmål for ambulanse. Faktum er at det er ingen helseregionar som når dei rettleiande måla for responstid. Vi har hatt fleire diskusjonar her om lovfesting, eller forskriftsfesting, av desse, men det er ikkje det vi føreslår no. Vi har nokre rettleiande responstidsmål som ingen helseregionar når. Forslaget vårt går ut på å be om ei sak der regjeringa kan fortelja korleis ein kan nå desse rettleiande responstidsmåla. Er det slik at statsråden ikkje meiner det er viktig at desse responstidsmåla vert nådd i alle kommunar i landet, sidan ein stemmer imot dette forslaget?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat