Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 12. mai 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Marius Langballe Dalin, Arild Hermstad, Julie E. Stuestøl, Siren Julianne Jensen, Oda Indgaard og Ingrid Liland om utvikling av mindre sjukehus, desentralisering av polikliniske tenester og kortare reiseveg for å få helsehjelp (Innst. 252 S (2025–2026), jf. Dokument 8:133 S (2025–2026))

Innlegget

No vart eg veldig glad. Eg kom litt ut av mitt oppfølgingsspørsmål, men dette takkar eg er veldig for. Eg må berre spørja om responstid for ambulanse. For meg er det eit paradoks at vi har nokon faglege anbefalingar om responstidsmål som handlar om liv og helse og korleis ein skal kunna forventa dei, og at ein heile tida har svart at dette kostar for mykje. Da må ein før eller sidan endra dei rettleiande responstidsmåla og ikkje gi befolkninga falske forhåpningar om at ambulansen skal koma så raskt. Anten må ein sjå på korleis ein kan innfri desse på ein eller annan måte, eller så må ein seia at nei, dette vert for dyrt for oss, dette har ikkje Noreg råd til og dette kan ein ikkje forventa og styrkja beredskapen på andre måtar. Vi kan ikkje stå her og diskutera dette lenger.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat