Innlegg · 12. mai 2026

Åse Kristin Ask Bakke
Åse Kristin Ask Bakke
Arbeiderpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte tirsdag den 12. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Først og fremst vil eg seie at Arbeidarpartiet deler syn på utfordringsbiletet som forslagsstillarane trekkjer fram, og eg takkar for at ein har fremja saka så vi får diskutert det. La meg begynne med å seie at ungane som bur på barnevernsinstitusjon, oftare har utfordringar i skuleforløpet enn andre barn og unge. Det gjeld òg i fullføringa av vidaregåande opplæring – der ligg dei ofte lågare, og mange har samansette behov. Dette må vi ta på alvor. Ungane som bur i barnevernsinstitusjon, har same rett til opplæring som andre ungar, og for Arbeidarpartiet er det eit viktig mål at desse elevane skal lykkast betre på skulen. Dersom dei gjer det, får dei òg, som alle andre, fleire moglegheiter til ei god framtid. Difor blir det allereie arbeidd med fleire tiltak for å styrkje opplæringstilbodet, samhandlinga mellom sektorane og kontinuiteten i utdanningsløpet til barnet. Bufdir og Bufetat jobbar kontinuerleg med å utvikle institusjonsopphaldet slik at ungane får tenester som òg er tilpassa deira behov, og det faglege rammeverket for arbeid med barn og unge i barnevernsinstitusjon gjev òg anbefalingar om kva institusjonane skal vektleggje for å sikre forsvarleg omsorg og behandling, inkludert oppfølginga av skulegang. Her er altså mykje i gang, men det er ikkje ei kvilepute for regjeringa. La meg avslutte med å seie at Arbeidarparti-regjeringa har som mål at alle barn og unge som er i barnevernsinstitusjonar, skal lykkast betre på skulen. Det er vårt felles ansvar. Difor blir det som sagt jobba med fleire tiltak for å styrkje opplæringstilbodet og samhandling i sektoren, og vi meiner difor òg at framover er det aller viktigaste fokuset vi har, å sikre betre samordning mellom tenestene og å nytte betre det handlingsrommet som allereie òg finst i dag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Åse Kristin Ask Bakke (Arbeiderpartiet) — Innlegg · 12. mai 2026 — OverStortinget