Innlegg · 12. mai 2026

Åse Kristin Ask Bakke
Åse Kristin Ask Bakke
Arbeiderpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte tirsdag den 12. mai 2026 kl. 10

Innlegget

(ordfører for saka): La meg starte med å seie takk til komiteen for samarbeidet i saka. La meg òg seie at det er nok av utfordringar å ta tak i i norsk skule. For Arbeidarpartiet har det vore fullt fokus på å sikre meir og betre læring i skulen, med mindre skjerm og meir fokus på dei grunnleggjande ferdigheitene for dei aller, aller yngste. Dette gjer vi med hensikt om å snu ei utvikling vi sett over lengre tid, for å løyse utfordringar. Dagens opplæringslov inneheld eit forbod mot bruk av heildekkande ansiktsplagg fordi dekking av ansikt kan hindre undervisning. Vi meiner at dagens forbod er tilstrekkeleg som det er, og ser ikkje behovet for å utvide det til òg å gjelde religiøse hovudplagg. Dessutan vil eg påpeike at eit sånt forbod som FrP føreslår, som utelukka rettar seg mot hijab, kan vere problematisk frå eit menneskerettsleg-, likestillings- og diskrimineringsperspektiv. Skulen er ein av dei viktigaste og fremste arenaene våre for inkludering. Her møtest elevar av ulik bakgrunn, og dei har alle rett til eit trygt og godt skulemiljø. Eit slikt forbod som FrP her føreslår, meiner eg kan bidra til at skulen ikkje blir opplevd som ein trygg og inkluderande stad med rom for alle. Det kan i tillegg ende opp med å verke heilt mot hensikta. Arbeidarpartiet står saman med fleirtalet i Stortinget. Eit breitt fleirtal støttar ikkje forslaget, og det ser ut til at FrPs forslag blir stemt ned i denne saka.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Åse Kristin Ask Bakke (Arbeiderpartiet) — Innlegg · 12. mai 2026 — OverStortinget