Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. mai 2026

Solveig Vestenfor
Solveig Vestenfor
Arbeiderpartiet·Buskerud

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Harry Valderhaug, Jorunn Gleditsch Lossius, Jonas Andersen Sayed, Jørgen H. Kristiansen om å forenkle kravene til boligbygg for å redusere byggekostnader og boligpriser (Innst. 257 S (2025–2026), jf. Dokument 8:151 S (2025–2026))

Innlegget

Denne saka handlar om å forenkla krava til bustadbygg for å redusera kostnader og prisar. La det først vera sagt tydeleg: Me deler utolmodet, og me støttar intensjonen i representantforslaget, for byggebransjen og bustadsatsinga treng både forenkling, effektivisering og digitalisering for å få raskare framdrift. Me er glade for at regjeringa har starta forenklingsarbeidet på fleire område, bl.a. i byggteknisk forskrift, og at ein ser nærmare på kva som må regulerast, korleis det best kan regulerast, og på kva nivå. Direktoratet for byggkvalitet har fått i oppdrag å laga ein plan for korleis forskrifta kan utviklast vidare. Arbeidarpartiet er oppteke av at forskrifta skal ha dei krava som er nødvendige, men ikkje fleire. Krava må vera enkle å forstå og bruka, og dei må sikra at folk får gode bustader, både no og i framtida. Me er glade for at arbeidet med forenklinga av TEK17 er godt i gang. Statsråd Skjæran hadde møte med byggebransjen den 28. april om vegen framover. Høyringsinnspela i saka som her er til behandling, understrekar mange av dei utfordringane det allereie vert jobba med. Det er full støtte frå Arbeidarpartiet til at det trengst ein grundig revisjon og ei modernisering av forskrifta som gjev større handlingsrom og betre samanheng mellom krav og faktisk bukvalitet, som fjernar unødvendige og kostnadsdrivande krav, og som gjev ei forsikring om kvalitet og tryggleik for liv og helse, og for tilpassingar som møter faktiske behov i dagens samfunn for menneske med funksjonsvariasjonar. Arbeidet er godt i gang, og difor støttar ikkje Arbeidarpartiet framlegget.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat