Innlegget
Denne saka har mange forslag til tiltak for å ta tomme bustader og bygg i bruk. Arbeidarpartiet viser til våre merknader til forslaga. Me er einige med MDG i at rehabilitering og ombruk, i mange tilfelle, kan vera meir samfunnsøkonomisk og sosialt berekraftig enn riving og nybygging, men me kan likevel ikkje støtta dette forslaget. Det er kommunane som har hovudansvaret for å vurdera kva potensial for ombruk som finst i den bygningsmassen ein alt har. I dei statlege planretningslinjene for arealbruk og mobilitet står det: «Fortetting og transformasjon av bolig- og næringsområder skal vurderes og bør utnyttes før nye utbyggingsområder settes av og tas i bruk.» Kommunane har med andre ord alt fått klare føringar når det gjeld å vurdera eksisterande bygningsmasse, og det er bra. Husbanken fekk i bustadmeldinga eit utvida mandat til å støtta og rettleia kommunane i deira bustadpolitiske arbeid og utnytta potensialet i den eksisterande bustadmassen. Den digitale tenesta Kobo hjelper kommunane til å kartleggja, planleggja og utnytta effektivt den kommunale bustadmassen. Frå 1. juli 2025 vart det innført nye reglar i plan- og bygningslova som inneber at kommunane skal leggja aktivt til rette for samarbeid med grunneigarar og utbyggjarar, og at ein – der det er relevant – bør ta initiativ til å diskutera rehabilitering, gjenbruk og transformasjon av eksisterande bygningsmasse. Eit forslag handlar om å skattleggja bustader som står tomme over tid. I ein velfungerande bustadmarknad vil bustader normalt bli selde eller leigde ut. Hus som står tomme mellom leigetakarar, under renovering eller i ein salsprosess, er dessutan ein naturleg del av bustadmarknaden, og nybygde bustader kan stå tomme i periodar i ein treig marknad. I område med fråflytting og utan press i bustadmarknaden er ikkje hovudproblemet at bustader står tomme, men at færre ynskjer å busetja seg der. Her vil ei avgift ikkje tena formålet. Det er behov for ei strengare regulering av korttidsutleige i enkelte område. Statsråd Skjæran har allereie varsla at det går føre seg eit arbeid i departementet for å gjera det lettare for kommunane å regulera og handheva ulovleg korttidsutleige. Dette vert det med andre ord jobba med allereie.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
