Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. mai 2026

Solveig Vestenfor
Solveig Vestenfor
Arbeiderpartiet·Buskerud

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ingrid Liland, Marius Langballe Dalin, Oda Indgaard om å ta tomme bygg og boliger i bruk (Innst. 248 S (2025–2026), jf. Dokument 8:152 S (2025–2026))

Innlegget

Det var representanten Fasteraune som fekk meg til å teikna meg. Han snakka om konsesjon, og eg tenkte at det er noko som er verdt å nemna her frå denne talarstolen. Det er eit mogleg lokalpolitisk verktøy folk har, viss ein er bekymra for at det er tomme hus i kommunen. Nullkonsesjon for bustader er ein motivasjon for å få fleire innbyggjarar eller fylle tomme hus. Kommunane står frie til å innføra nullkonsesjon i delar av eller heile kommunen, men det krev eit lokalpolitisk fleirtal. I kommunen eg kjem frå, har me veldig gode erfaringar med det på tvers av alle parti. Det gjev eit insentiv for det ein kallar for lys i alle glas, eller folk i husa. Det er sjølvsagt kjedeleg for dei som har arva barndomsheimen, men som ikkje får lov til å ha han som feriebustad. For å unngå at det vert tomme hus, kan ein då gjera om på det. Det gjer at folk vel å flytta heim, det gjer at hus vert selde og gjorde tilgjengelege for nye innbyggjarar og huseigarar. Det meiner eg er verdt å nemna høgt i ei sak der dette vert debattert.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat