Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 12. mai 2026

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tom Staahle, Erlend Wiborg, Jon Engen-Helgheim og Himanshu Gulati om en plan- og bygningslov for krig og krise (Innst. 266 S (2025–2026), jf. Dokument 8:162 S (2025–2026))
Innlegget
Representantane frå FrP har fremja eit Dokument 8-forslag om ei plan- og bygningslov for krig og krise. Forslaget går ut på at regjeringa skal leggja fram ein særskild lovheimel for hurtigbehandling av større forsvarsanlegg og kritisk forsvarsrelatert infrastruktur som ikkje vert avgrensa til kvar ei tid gjeldande plan- og bygningslov. Eg legg til grunn at alle parti legg fram syna sine i saka og vil på vegner av Marius Langballe Dalin, som er ordførar for saka og representant for Miljøpartiet Dei Grøne, leggja fram innlegget hans. Me lever i ei meir krevjande tid enn på mange tiår, der krig og konflikt har kome tettare på oss. Det krev nye val og endra prioriteringar. Me må planleggja samfunnet på ein annan måte enn etter fallet av jernteppet. Forslaget frå Framstegspartiet og Høgre gjev inntrykk av at planlegging av forsvarsanlegg og kritisk forsvarsrelatert infrastruktur lir under ein unødvendig byråkratisk og tungrodd planprosess. Eg kan ikkje sjå at dette er tilfelle. Som statsråden òg påpeikar i svarbrevet til saka, finst det allereie i dag unntaksbestemmingar og moglegheiter for å bruka statleg plan. Ytterlegare endringar kan, om nødvendig, gjerast gjennom forskrift. Å be om ein særskild lovheimel vert som å slå inn opne dører. Eg vil tillata meg å peika på at det som regel løner seg å greia ut grundig. Forsvaret ville byggja nytt radaranlegg på Gyrihaugen i Ringerike kommune til ca. 12 mrd. kr. Forsvaret fekk unntak frå ordinær planprosess etter plan- og bygningsloven, slik det som sagt er mogleg. Forsvaret slapp difor konsekvensutgreiing og høyring, og sette i gang med å byggja veg og sprengja bort delar av toppen av denne åsen, som ligg i ein populær del av Oslomarka. Då veg var bygd og utsprengingane gjennomførde i 2023 viste det seg at det likevel ikkje var hensiktsmessig å leggja eit radaranlegget på denne staden. Prosessen måtte starta på nytt, det offentlege hadde sløst bort pengar, og me fekk i tillegg heilt unødvendige naturøydeleggingar. Denne konkrete saka minner oss på at me bør utgreia krevjande saker grundig. Samtidig viser saka at det er fullt mogleg å gjera ting raskt og gale – og òg heilt sikkert raskt og ordentleg – med dagens lovverk. Eg ser ingen grunn til å stemma for forslaget frå Framstegspartiet og Høgre.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat