Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. mai 2026

Solveig Vestenfor
Solveig Vestenfor
Arbeiderpartiet·Buskerud

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Margret Hagerup, Tage Pettersen, Mari Holm Lønseth og Tone Wilhelmsen Trøen om å sikre forutsigbar finansiering for krisesenterbygg (Innst. 242 S (2025–2026), jf. Dokument 8:170 S (2025–2026))

Innlegget

Arbeiderpartiet er sjølvsagt einige i at folk som vert utsette for vald i nære relasjonar, fortener trygge og tilpassa krisesentertilbod. Dette ansvaret har kommunane, og det er opp til kommunane sjølve å avgjera korleis tenesta skal organiserast og finansierast. Samtidig er me usikre på om det beste er å inkludera krisesentera i dei tilskotsordningane Husbanken alt har, slik forslagsstillarane meiner. Krisesentera skal gje eit mellombels tilbod, og det skil seg frå samfunnsoppdraget Husbanken har ansvar for i dag. Husbanken skal hjelpa folk som har vanskar med å finansiera eigen bustad, og hjelpa til slik at fleire kan skaffa seg og behalda den. Husbanken skal òg støtta kommunane i det bustadpolitiske arbeidet deira. Likevel er me, som alle her i salen, veldig bekymra for at talet på bustadlause og barnefamiliar spesielt er i negativ utvikling, og det er viktigare enn nokon gong å rette inn innsatsen for å hjelpa innbyggjarar til å få fast bustad. Samtidig, midt i dette, må også krisesentera finna løysingar for finansiering. Fordi det er krevjande å finna ut korleis ein best kan hjelpa kommunane i finansiering av nye krisesenterbygg, er eg glad for at SV, Senterpartiet, MDG, Raudt og Arbeidarpartiet har landa eit felles forslag til vedtak som opnar for ulike alternativ til løysing, i staden for å landa vedtak som konkluderer her i salen og seier at Husbanken er det einaste riktige svaret. Det er viktig at krisesentera vert finansierte på ein føremålstenleg måte, anten det skjer f.eks. gjennom kommunane, gjennom Husbanken eller gjennom den eksisterande modellen for finansiering som er i dag i Bufdir.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Solveig Vestenfor (Arbeiderpartiet) — Innlegg · 12. mai 2026 — OverStortinget