Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. mai 2026

Solveig Vestenfor
Solveig Vestenfor
Arbeiderpartiet·Buskerud

SakInnstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Bengt Fasteraune, Ole Herman Sveian og Geir Inge Lien om meir ja og mindre nei i byggjesaker (Innst. 238 S (2025–2026), jf. Dokument 8:188 S (2025–2026))

Innlegget

Det er ingen tvil om at det forslaget som er til behandling her, er forlokkande for mange, og at tittelen treffer blink. Me er mange som er godt kjent med bekymring, fortviling og frustrasjon knytt til m.a. lang saksbehandlingstid, krevjande motsegner, innfløkte lovverk og detaljrike byggtekniske forskrifter. Både byggebransjen og andre med eit utvida ansvar og engasjement for bustadsatsinga er veldig bekymra for og opptekne av dette. Arbeidarpartiet støttar gode forslag som gjer det enklare å byggja bustader, for i somme tilfelle er det heilt klart slik at prosessane med planlegging og byggesak vert opplevde som tungvinte, langdryge og på den måten fordyrande for både utbyggjar og seinare huskjøpar. Regjeringa arbeider allereie, som kjent for dei fleste her i salen, med ei rekkje tiltak som vart fremja i juni 2025 av byggenæringa, kommunane og departementet, for å få til ei tenleg forenkling av regelverket for bygg og plan. I tillegg er det sett i gang eit motsegnsprosjekt for å rydda i og gjennom det redusera omfanget av motsegner frå statsforvaltaren. Det er nokre av fleire viktige tiltak som er sette i gang for å redusera barrierar for framdrift i bustadbygginga. Til liks med FrP ser likevel ikkje Arbeidarpartiet behov for å setja ned endå eit utval, slik forslagsstillarane tek til orde for, då dette kan forseinka pågåande prosessar eller føra til unødvendig dobbeltarbeid. Forslag nr. 2, frå FrP, Høgre og Senterpartiet, kan sjå ut til å få fleirtal her i salen viss KrF støttar det. Eg siterer: «Stortinget ber regjeringen innføre absolutte tidsfrister for statsforvalterens behandling av klagesaker etter plan- og bygningsloven.» Her ber eg representantane ta ei ny vurdering. Når tidsfristane vert korte og absolutte, kan det gje motsett resultat av det som er tenkt. Erfaringa fleire av oss har frå kommunepolitikken, tilseier at absolutte tidsfristar fører til meir nei og mindre ja. Statsforvaltarane må ha forsvarlege og grunngjevne svar ved tvilstilfelle, og viss tida vert knappare, fryktar eg at fleire set ned foten i staden for at dei faktisk tek ein runde ekstra og ser om det er rom for skjøn og eit handlingsrom innanfor lovverket. Eg er bekymra for at fleirtalet risikerer å vedta eit forslag i denne saka, i beste meining, som ikkje tener formålet. Ved absolutte tidsfristar for statsforvaltaren i klagesaker er det store sjansar for at det i det verkelege liv vert meir nei enn ja, og det var vel ikkje planen? Folkens: Det er inga skam å snu, iallfall ikkje i forslag nr. 2.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat