Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. mai 2026

Solveig Vestenfor
Solveig Vestenfor
Arbeiderpartiet·Buskerud

SakInnstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Bengt Fasteraune, Ole Herman Sveian og Geir Inge Lien om meir ja og mindre nei i byggjesaker (Innst. 238 S (2025–2026), jf. Dokument 8:188 S (2025–2026))

Innlegget

Det er godt det ikkje vert for mykje fotball, for då hadde eg hatt så lite eg skulle ha sagt! I klagesaker etter plan- og bygningslova er det gjerne innbyggjarar, utbyggjarar, naboar og naturvernarar som ytrar seg. Kva er det dette fleirtalet som ser ut til å danna seg om forslag nr. 2, vil seia ja til, når alt kjem til alt? Dette gjeld altså forslaget om absolutte tidsfristar. Sjå for dykk følgjande, etter at dette forslaget har tredd i kraft: Ei av dei store bedriftene i kommunen treng å utvida næringsarealet for å ekspandera. Det er stor begeistring frå eit samla kommunestyre, men ein nabo viser til ein tidlegare vedteken reguleringsplan for området som sa at dette området skulle skjermast for vidare utbygging. Naboen får med seg grendelaget eller bygarden ein er ein del av, for dei er òg bekymra for utsikt, for støy og for støv. Dei protesterer heftig, men kommunestyret meiner at næringslivet og denne utbyggjaren må vektast tyngre enn gretne naboar. Difor gjer naboane det dei har rett til etter lova: Dei sender inn skriftleg klage til statsforvaltaren etter at kommunen har avslått klaga. Tida går. Statsforvaltaren nærmar seg den absolutte fristen, og det hastar. Han har mange saker på bordet og gjer det han må gjera, for sidan naboane viser til ein kommunalt vedteken reguleringsplan, må vel statsforvaltaren seia nei til det utvida næringsarealet? Eller tenk dykk eit anna scenario: Ein hytteeigar har ei gamal hytte i eit etablert hyttefelt nær eit LNF-område. Han søkjer om dispensasjon til å byggja om hytta til meir moderne standard, men kommunestyret avslår søknaden fordi dette området ligg nær villreinområdet. Hytteeigaren klagar til statsforvaltaren og presiserer igjen at hytta skal vera i same storleik, innanfor dei vedtekne, gamle føringane i reguleringsplanen for området. Statsforvaltaren vurderer det slik at ein her truleg har eit potensielt handlingsrom, men det krev ein innsats og tid som statsforvaltaren ikkje har. Han støttar difor avslaget frå kommunestyret fordi det er andre og viktigare prioriteringar enn at denne eine skal få bygd og fornya hytta si. Poenget mitt er: Når fleirtalet i salen her ynskjer å seia meir ja og mindre nei, høyrest det forlokkande ut, men ein seier berre ja til den eine parten i ei klagesak, og statsforvaltaren treng gjerne noko meir tid for at vedtaket skal landa rett. Difor er absolutte tidsfristar eit veldig dårleg forslag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Solveig Vestenfor (Arbeiderpartiet) — Innlegg · 12. mai 2026 — OverStortinget