Innlegget
Spørsmålet mitt går til finansministeren. I revidert, som kom i går, skriv regjeringa at i ei tid med auka internasjonal uro, vil regjeringa føre ein politikk som tek vare på dei små forskjellane og den høge tilliten vi har i Noreg. Men det som blei lagt fram i går, er jo «copy-paste» frå i fjor, eller som statsministeren kalla det: stramt og ansvarleg i fjor, stramt og ansvarleg i år. Sidan i fjor har vi fått krig i Iran og stenging av Hormuzstredet. Verdsøkonomien, energimarknaden og utsiktene for norsk økonomi er vesentleg endra. Vi har no fått eit nytt oljeprissjokk, som også kjem med auka matvareprisar. Aleinemødrer kvir seg for å gå i butikken fordi dei må velje mellom middag eller frukost. Folk legg seg om kvelden med ein klump i magen fordi dei ikkje veit om dei får til å betale rekningane sine. På toppen av dette kjem renteaukinga, som gjer økonomien til barnefamiliane og unge i etableringsfasen med høge bustadlån endå vanskelegare. I ei slik tid må vi sikre kvardagsøkonomien til vanlege folk og redusere forskjellane. Dei seinaste dagane har vi høyrt heile regjeringsapparatet, seinast på denne talarstolen, snakke på innpust og utpust om tiltak som verkeleg gjer noko med økonomien til folk, som ein historisk låg barnehagepris på 1 200 kr, kutta med meir enn 20 000 kr i året, gratis SFO, og at med gjennomslaga til SV har vi nesten dobla barnetrygda, som no er over 2 000 kr. Vi har redusert både antalet og andelen barn som veks opp i fattige familiar, og folk som har lite, får meir, slik som med aukinga i minstepensjon. Problemet er jo at dette er saker som SV har kjempa fram, ikkje regjeringa. Regjeringa kjem ikkje med nokon tiltak for å betre kvardagsøkonomien til folk i dette budsjettet. I staden er det altså «copy-paste» frå i fjor. Når regjeringa no legg fram eit budsjett utan å svare på dei store utfordringane folk står i, betyr det at regjeringa tenkjer at det er SV som nok ein gong skal gjere jobben ved å sørgje for gjennomslag som betrar kvardagsøkonomien til vanlege folk og får ned forskjellane i ei uroleg tid? For kva er eigentleg tiltaka som regjeringa kjem med i revidert som reduserer forskjellane?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
