Replikk · 13. mai 2026

Marthe Hammer
Marthe Hammer
Sosialistisk Venstreparti·Hordaland

SakMøte onsdag den 13. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Ikkje berre er kvardagsøkonomien til vanlege folk pressa, deler av velferda er også på brestepunktet. Renteaukinga gjer at gjeldstynga kommunar og sjukehus slit og må kutte. Stramt og ansvarleg er ikkje å la sjukefråværet fortsetje å auke i barnehagane. Vi byggjer ikkje velferd på utbrente skuldrer, vi må sikre fleire folk på jobb. Ansvarleg politikk er å sørgje for nok folk til å byggje legoklossane i barnehagen og å hente teiknesakene i SFO. Då trengst det folk, og det trengst omfordeling. Det er det einaste ansvarlege å gjere. DNB kan vise til rekordoverskot, med over 10 mrd. kr berre i fyrste kvartal. Noreg har aldri hatt fleire milliardærar. Det er ein annan veg i ansvarleg styring, nemleg å auke skattane til dei som har aller mest i dette landet, og for banksektoren. Historia kjem ikkje til å spørje om regjeringa heldt skatteløftet sitt, den kjem til å spørje om Noreg brukte rikdomen og handlingsrommet då verda tvinga oss til å handle, til å redusere forskjellane, utvide velferda og omstille oss. Spørsmålet mitt er: Når målet er å dempe presset utan å ramme folk, kvifor er regjeringa meir oppteken av å skjerme dei rikaste frå økt skatt enn å auke velferda?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat