Innlegget
Bustadpolitikken som blir ført i dag, er ein forskjellsmaskin. Husbanken har anslått at det no er 4 700 bustadslause i Noreg. Mange av dei er barn. Det skjer fordi prisen på å få seg ein heim har eksplodert. I tillegg fører renteaukinga til at barnefamiliar og unge i etableringsfasen med høge bustadlån verkeleg kjenner det på lommeboka. Vi treng å byggje fleire bustadar, vi treng å byggje dei raskt. Difor har SVs milliardløft til Husbanken vore nødvendig. Det er ein start, men høgst nødvendig. Noreg er samtidig i verdstoppen i bustadgjeld, og då må vi stille oss spørsmål om den pengepolitikken som blir ført, er riktig og basert på dei rette føresetnadane. Leigeprisane blir målte forskjellig i Noreg og Sverige. I Noreg utgjer leige- og eiebustadprisane ein betydeleg del av KPI-en, og auka rente og høgare leigeprisar driv inflasjon opp. Både Eiendom Norge og NHOs påtroppande sjefsøkonom seier det er med i inflasjonen. Når bukostnadane er den største utgifta for folk og auka rente gjer det verre, er finansministeren einig med Eiendom Norge i at når leige- og eigeprisane utgjer ein så stor del av KPI, risikerer vi å auke inflasjonen med auka rente heller enn å redusere den?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
