Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 19. mai 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakInnstilling frå utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jorunn Gleditsch Lossius, Jørgen H. Kristiansen og Joel Ystebø om kortere skoledager i grunnskolen, høyere lærerlønninger og mer tid for lærerne til å følge opp elevene (Innst. 274 S (2025–2026), jf. Dokument 8:220 S (2025–2026))

Innlegget

Erling Sande (Sp) [11:56:10] (ordførar for saka): Det er ingen tvil om at engasjementet for norsk skule er høgt her i salen. Det er bra. Mange av initiativa som blir handsama i utdanningskomiteen, viser dette. Det skulle også berre mangle, gitt kor mykje det betyr for samfunnet vårt at vi har en skule med dyktige lærarar og ein skulekvardag der elevane opplever meistring og læringslyst. Det forslaget vi behandlar, tek opp fleire viktige problemstillingar i norsk skule. Det handlar om læraryrket sin attraktivitet, det handlar om elevane si læring, og det handlar om korleis skulekvardagen er organisert. Eg vil takke forslagsstillarane for å ha løfta denne viktige tematikken og også takke komiteen for eit godt samarbeid om dei spørsmåla som er tekne opp. Eg legg til grunn at partia gjer greie for sine syn i saka, så vil eg gjere greie for Senterpartiet sin politikk knytt til dei ulike forslaga. Senterpartiet deler mykje av den uroa som er for utviklinga i skulen. Mange lærarar opplever høgt arbeidspress, mykje rapportering og mindre tid til oppfølging av elevane. Samtidig veit vi kor viktig dei fyrste skuleåra er for vidare læring. Det skal ikkje vere slik at rapporteringskrav og skjemavelde i praksis skal stele tid lærarane kunne brukt med elevane. Dette er ei utfordring som dels knyter seg til eit testregime i skulen vi heldigvis er i gang med å rydde opp i, men det er ikkje aleine nok. Vi må ha tillit til fyrstelinja vår. Lærarane må sleppe å bruke mykje tid på oppgåver som ikkje knyter seg til elevane si læring. Når det gjeld dei konkrete forslaga, meiner Senterpartiet at spørsmål om lønn og arbeidstid høyrer heime i partssamarbeidet, ikkje i eit enkelt representantforslag. Det er eit syn vi deler med dei fleste av partia i salen. Vi må heller ikkje detaljstyre lærarane sin kvardag knytt til nærvær eller vedta enkelte løyvingsaukar til kommunane utan å sjå på heilskapen knytt til dei frie inntektene kommunane får. Kommunane bruker til dømes eigne midlar i hovudsak til å kjøpe inn fysiske lærebøker. Difor er Senterpartiet usamd med forslagsstillarane i at meir pengar må øyremerkast for at nettopp det skal skje. Senterpartiet er òg oppteke av at dei yngste elevane må få meir rom for leik, rørsle og praktisk læring. Vi ser at seksåringane i dag møter ein skulekvardag med for mykje stillesitjing og teori. Difor må vi sjå på å utforme eit betre opplegg for skulekvardag for dei yngste elevane våre. En god skulestart er avgjerande for utviklinga vidare i skuleløpet, særleg for dei yngste i sitt kull. Med det tek eg opp forslaga Senterpartiet er ein del av.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat