Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 19. mai 2026

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Monica Molvær, Ola Svenneby og Mathilde Tybring-Gjedde om å forhindre juks med kunstig intelligens i skolen (Innst. 268 S (2025–2026), jf. Dokument 8:241 S (2025–2026))
Innlegget
Kunstig intelligens grip inn i samfunnet vårt i eit høgt tempo. I skulen kan det gje nye moglegheiter for læring, men det skapar òg nye utfordringar knytt til vurdering, rettferd og tillit. Det er ei utfordring dersom lærarane ikkje kan vere heilt trygge på at prøveresultata byggjer på elevane sitt eigenarbeid og ikkje er ferdiglaga KI-svar. Det er heller ikkje enkelt å avdekkje juks, unngå juks eller sikre tilliten til læringsresultat med mindre vi i denne salen òg tek grep. Når grunnlaget for karaktersetjing blir uklart, utfordrar det tilliten til heile vurderingssystemet i skulen. Difor meiner Senterpartiet det er avgjerande å sikre trygge vurderingssituasjonar. Vi støttar difor forslaget om ein nasjonal, trygg nettlesar som kan brukast i prøver og eksamen. Det er eit nødvendig tiltak for å sikre rettvis vurdering og lik praksis over heile landet. Samtidig er det ikkje nok med tekniske løysingar åleine. Vi må òg prioritere vurderingsformer som i større grad gjer eleven i stand til å vise kunnskapen sin, utan at kunstig intelligens kan påverke resultata. Vi treng òg tydelege og alderstilpassa retningsliner for bruk av kunstig intelligens i skulen. I dag er det store ulikskapar mellom skular og mellom kommunar, og det er heller ikkje rett at heile dette ansvaret skal liggje på den enkelte skule eller den enkelte kommune. Difor meiner Senterpartiet det er behov for sterkare nasjonal støtte, samtidig som vi ivaretek lærarane sitt profesjonelle skjønn. Med Stortinget sin klare marsjordre på desse sakene her i dag er det viktig at regjeringa følgjer opp slik at vi kan ivareta tilliten og truverdet knytt til vurderingssystemet i skulen generelt og særleg i karakterfastsetjinga.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat