Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 19. mai 2026

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Grunde Almeland om å sikre fullføring og kvalitet i videregående opplæring (Innst. 270 S (2025–2026), jf. Dokument 8:273 S (2025–2026))
Innlegget
Innføring av fullføringsretten, kor det i opplæringslova blei forankra rett til vidaregåande opplæring heilt fram til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, har gode grunnar. Vi ønskjer at fleire – og flest mogleg – skal fullføre vidaregåande opplæring. Vi i Senterpartiet meiner at nøkkelen til betre gjennomføring er ein meir praktisk, fleksibel og tilpassa skule. Likevel er det mange som fell ifrå, og for mange opplever at tilbodet ikkje er tilpassa dei. Faktum er at det for enkelte elevar faktisk er urealistisk å fullføre eit vidaregåande løp. Vi må på eit vis berre ta innover oss at slik er det. Det gjeld særskilt den gruppa elevar som verken er aktuelle for studiekompetanse, fagbrev eller lærekandidatordning. Desse risikerer å falle mellom systema våre viss vi ikkje tek grep. Difor støttar vi arbeidet med å sikre betre oppfølging av denne gruppa og å få på plass gode løysingar mellom kommunane og fylkeskommunane. Samtidig må vi være ærlege om økonomien i dette. Fullføringsreforma har utløyst rettar, og frå fleire fylke får vi no signal om at dette ikkje er ei fullfinansiert reform. Vi må ikkje berre overlate den byrda til fylkeskommunane. Frå Senterpartiet si side er vi veldig glade for at vi får støtte til forslaget vårt om å få klarleik i kostnadane med reforma, slik at vi kan følgje opp det knytt til fylka på eit seinare tidspunkt og kompensere for eventuelle meirutgifter som måtte vere knytte til reforma. Som eg nemnde, er Senterpartiet oppteke av meir fleksible opplæringsløp. Modulbaserte løysingar kan gje nye moglegheiter, særleg for elevar med behov for tilpassa opplæring. Skal fleire fullføre, må fleire oppleve meistring også undervegs, og så må vi justere kurs eller ta grep for å sørgje for at intensjonen bak ordninga blir følgt opp, at den blir finansiert riktig, og at elevane blir ivaretekne på ein best mogleg måte.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat