Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 19. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Lars Haltbrekken, Marthe Hammer, Anne Lise Gjerstad Fredlund og Ingrid Fiskaa om nullutslippshurtigbåter (Innst. 279 S (2025–2026), jf. Dokument 8:187 S (2025–2026))
Innlegget
I samband med det grøne skiftet har ein iallfall klart å skifte eigar på pengane, for det har jo vore ein økonomiske katastrofe for dei som har eigd desse båtane. Tilfeldigvis har eg vore i fylkeskommunen i snart 24 år, og eg har vore med på heile reisa for å elektrifisere ferjeflåten i landets største ferjefylke – faktisk i lag med ei dame frå Senterpartiet. Eg var av dei som tok mest initiativ til å få elektrifisert ferjene i vårt fylke lenge før det var krav om det, men det var samband der det var økonomisk berekraftig å gjere det, og der vi såg at det faktisk var mogleg å få det til utan at det knekte økonomien vår. Det har også kome krav rundt det med elektrifisering av ferjer osv., og det gjer at vi sit med ei underdekning i Møre og Romsdal på fleire 100 mill. kr – det har vel gått litt ned i det siste, men det er iallfall framleis store beløp i underdekning. Dette vert ikkje dekt inn, sånn som statsråden sa – han kom med noko småtteri som liksom skulle dekkje inn dette. Det har vorte jamt fordelt på alle fylke, og ikkje på dei som verkeleg trengde det, som faktisk har teke den omstillinga, men ikkje fått betalt for det. Så vi kom ganske dårleg ut der. Så er det sånn at nokon er midt oppe i dette klima- og miljøhysteriet der alt på ein måte skal reddast i dette vesle landet. Det er nesten ikkje mogleg å ta det alvorleg. 0,1 pst. av den energien som vert brukt i verda i skipstrafikken, er nullutslepp – 0,1 pst. Men i Noreg skal vi altså krevje 100 pst. nullutslepp på ferjer og hurtigbåtar og kva det måtte vere. Det var bra at regjeringa stoppa og ikkje innførte kravet for hurtigbåt, for det er ikkje realistisk verken økonomisk eller driftsmessig. Batteria er tyngre, og ein klarar ikkje å få båtane til å gå med den farta dei skal. Det er altså teoretisk langt ut i det blå. Det er nokon som satsar – ja. Det var jo hydrogen som var så veldig flott ei stund, heilt til dei oppdaga at heile greia kunne eksplodere i lufta. Då var det ikkje aktuelt å byggje det eingong. Då var det berre å gløyme det. Det er så mykje rart at eg klarar ikkje å ta det alvorleg: 0,1 pst. av verdas energiforbruk på båtar som har nullutslepp, og vi skal altså redde verda, bitte, bitte, bitte litle Noreg. Vi skal øse av garde pengar. Regjeringa får spørsmål om kvifor ein ikkje har innført det. Det er fordi ein ikkje kan bruke pengar som ein skulle brukt på sjukehus og alt mogleg anna på dårlege og lite hensiktsmessige klima- og miljøtiltak som ingen skjønar at Noreg skal ta det fulle og heile ansvaret for. Så nei, vi kan framleis køyre litt på diesel. Dieselen er også kjemperein per i dag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat