Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 19. mai 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Lars Haltbrekken, Marthe Hammer, Anne Lise Gjerstad Fredlund og Ingrid Fiskaa om nullutslippshurtigbåter (Innst. 279 S (2025–2026), jf. Dokument 8:187 S (2025–2026))

Innlegget

Dette må vere noko av det mest «knerøte» eg har høyrt på aldri så lenge frå dei to siste talarane på talarstolen her, som påstår at underteikna og FrP ikkje skulle vere framoverlente og ikkje tør å ta sjansar. Det er vel ingen i denne salen her – sikkert ingen på huset her – som har teke større sjansar når det gjeld nullutsleppsferjer. Vi har bestilt ferjer i milliardklassen i Møre og Romsdal i årevis, og så seier ein at vi ikkje tek sjansar og ikkje ønskjer å vere fremst i skoen når det gjeld ny teknologiutvikling. Det er våre verft som har bygd desse båtane som eg og fleire andre har bestilt til Møre og Romsdal til mange milliardar. Vi var føre lenge før regjeringa tenkte tanken på å krevje det, så kva meiner ein med at vi ikkje er framme i skoa? Det er så langt på viddene som det går an, for det har ikkje rot i verkelegheita. Vi har verkeleg vist at vi kan stå fremst i snøbrøyta, som Ivar Aasen sa. Vi har verkeleg vore fremst i snøbrøyta og vist veg når det gjeld dette her. Likevel: Det er ei grense for kva som er ansvarleg med omsyn til økonomi. På ferjene på korte avstandar var det økonomi i det. Der var det mogleg å få på plass straum, sjølv om vi vart tekne på vekta der òg. Då vi skulle byggje straum til nokre av desse sambanda våre, var det ingen som fortalde oss at det kosta 20–30 mill. kr for å leggje straumkablar bort til kvar ende. Det var det ingen som fortalde. Vi gjorde det likevel. Med hurtigbåt er det lange avstandar, og det er noko heilt, heilt anna. Eg veit kva eg pratar om. Ein har stilt krav i denne salen her om nullutslepp i Geirangerfjorden. Eg veit kva det dreier seg om når det gjeld å få nullutsleppsbåtar til å kunne gå inn fjorden. Eg kan invitere kven som helst til å kome til studietur til Geirangerfjorden og fortelje meg og næringslivet korleis ting fungerer, korleis ting er. Dette kan eg. Å stå og seie at vi ikkje er framoverlente og ikkje tør å satse på ny teknologi, det vil eg rett og slett ikkje høyre på. Her er vi faktisk det fylket som verkeleg har teke tak i dette her og gjort noko med det. Vi har skifta ut nesten alle ferjene våre, anna enn dei som er så greinlause at det ikkje er råd å skifte dei ut, på område der det ikkje er råd å få straum eingong heller, der det nesten ikkje er mogleg å få fram ein støyt. Vi har iallfall teke ein jobb med det. Eg må berre ærleg innrømme at eg er fornøgd med samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, som faktisk kunne ta innover seg at det ikkje var mogleg å gjennomføre på hurtigbåt sånn som det er no, og også stoppa det og er tydeleg på at det ikkje er mogleg, for det er faktisk ikkje mogleg no. Det kan heilt klart kome teknologi ein gong i framtida, og vi vil heilt sikkert vere dei som er lengst framme i skoa i Møre og Romsdal, i Nordland og dei andre ferjefylka. Ver heilt trygge – vi kjem til å vere dei som er lengst framme i skotuppane.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat