Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 19. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Hoksrud, Dagfinn Henrik Olsen, Frank Edvard Sve, May Helen Hetland Ervik, Mats Henriksen og Tor André Johnsen om trygge veier (Innst. 273 S (2025–2026), jf. Dokument 8:214 S (2025–2026))
Innlegget
Samferdselsministeren sa no i replikkordskiftet at det er viktig å snakke sant og snakke sant om situasjonen på vegane og årsakene som ein meiner er grunnlaget for at det f.eks. hittil i år er 28 personar som har mista livet i trafikken i Noreg. Det er snart dobbelt så mange som i fjor, og vi kan lese av ulykkesstatistikken og det som skjer, at svært mange av ulykkene er møteulykker og utforkøyringar. Front mot front står for mange av ulykkene. Då er det jo sånn, viss vi skal snakke sant: Kva er dei tryggaste vegane å køyre på her i landet? Når eg køyrer frå Vestlandet til Oslo, 546 km, 1 100 km tur-retur, kvar køyrer eg tryggast på den lange strekninga? Svaret er veldig enkelt, det er på firefelts motorveg frå Mjøsbrua til Oslo. Det gjev også statistikken svar på, for det er også dei vegane med minst ulykker, og dei ulykkene som er der, er ikkje av dei alvorlegaste. Det er å snakke sant. Så er det sånn at eg vert litt lei meg når eg høyrer på debatten, for det er enkelte som er mest opptekne av å prøve å ta FrP når vi faktisk snakkar sant om kva som er trygge vegar. Det er enkelte som ikkje ønskjer bil. Dei ønskjer å gjere det verst mogleg for dei som faktisk er nøydde til å ha bil. I fjor eller året før hadde vi ein initiativdebatt om trafikktrygging, og alle partia var einige om at vi var nøydde til å gjere tiltak og faktisk prøve å få gjort ting som får ned antalet hardt skadde og drepne i trafikken. Då er faktisk midtskilje, å skilje trafikken, eitt av dei kanskje aller viktigaste tiltaka. Det viser ein bl.a. no i år. Då er det anten firefelts motorveg eller to eller tre felts motorveg med midtdelar. Så ser eg når eg køyrer: Kva skaper mest farlege situasjonar? Det er faktisk når bubilar ligg i 60 km/t i 90-sona på to- og trefeltsveg og lagar kø på mange, mange kilometer, så eg må ringje politiet for å få bubilen vekk. Det skjer ikkje berre ein gong, det skjer mange gonger med sinkar som lagar enorme køar, og folk køyrer vanvitige forbikøyringar som ikkje liknar nokon ting, for dei vert så irriterte, og det same med vogntog. Og når ein kjem til forbikøyringsfeltet på to- trefeltsvegen, gassar ein opp i 110, 115 og 120 km/t, for ein skal jo vere fremst i køen og ikkje sleppe nokon forbi. Alt dreier seg om at her er det mange tiltak. Eg er einig med samferdselsministeren i at det er mange tiltak ein må sjå på. Sjølvsagt er sjåførane heller ikkje ufeilbarlege, men vi må ta fatt i det vi kan gjere noko med, og vi kan faktisk byggje veg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat