Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 19. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Hoksrud, Dagfinn Henrik Olsen, Frank Edvard Sve, May Helen Hetland Ervik, Mats Henriksen og Tor André Johnsen om trygge veier (Innst. 273 S (2025–2026), jf. Dokument 8:214 S (2025–2026))
Innlegget
Eg reagerer litt på framstillinga til representanten frå Arbeidarpartiet, som har bakgrunn frå politiet. Uansett kva vi diskuterer innanfor trafikktrygging: Viss det ikkje vert gjort noko med motorveiene, vert det enormt fatalt. Men det var 111 dødsulykker i trafikken i 2025, viss eg hugsar rett, og viss ein ser på statistikken, var det både syklistar, gåande og sparkesyklistar som vart råka. Mange av ulykkene har også skjedd på fylkesvegar – dei er spreidde utover. Så ein må slutte å vri det til noko negativt når vi ønskjer å byggje tryggare vegar – det er ikkje det. Det er eit faktum at dei tryggaste vegane vi har, er dei som har midtdelar. Til no i år har 28 menneske mista livet i trafikken. Det står på nettet i dag – alle kan lese det – at ein veldig stor andel av dødsulykkene er møteulykker, som kunne vore forhindra viss ein hadde hatt midtdelar. Vi ønskjer firefelts vegar, ja, men midtdelar i to- og trefeltsvegar er midtdelar. Det skil trafikken – sjølv om ein kan verte ganske irritert på dette når det går i 60 km/t i 90-sona, og når ein eller annan finn på å køyre imellom i forbikøyringsfeltet. Nok om det. Eg er einig i det samferdselsministeren seier om at det her er mange område å ta fatt i. Ikkje minst burde ein ha brukt mykje meir pengar på samferdsel. NTP-en til Arbeidarpartiet og Senterpartiet er 24 pst. lågare enn det som vart lagt fram i 2021. Ein brukar mindre pengar på alt innanfor samferdsel – alle tiltak vert det jobba mindre med – og talet på dødsulykker aukar. Det er fakta, det er berre slik det er. Kampen mot alle typar rus i trafikken burde vere mykje sterkare. Ein snakkar om at det er problem med Safedrive, men kva slags problem er det? Eg har hatt Safedrive i mange år. Det varslar jo ikkje ein politikontroll, for eg ser jo ikkje nokon politikontroll. Eg trur eg kan telje på éi hand kor mange kontrollar eg har sett dei siste fire åra, når eg har køyrt tur-retur Sunnmøre kvar veke. Politiet finst jo ikkje. Eg har sagt det før: Eg ser dei jo ikkje. Dei er som Fantomet: Nokre har høyrt om dei, men ingen har sett dei. Kvifor er dei ikkje ute og kontrollerer for rus? Eg har ringt på grunn av folk som har sjangla som berre det, og som sikkert har vorte fjerna av politiet seinare – viss dei har funne dei. Det er mange forhold ved dette, men å heile tida pense det inn på at det bilistane sin feil, ikkje vegen, vegen sin tilstand og andre område som også er grunnar til alle dødsulykkene og dei andre alvorlege ulykkene, er ei avsporing. Difor hadde eg håpt at denne debatten ville ha teke tak i dei utfordringane som er med alle dei som vert drepne og hardt skadde i trafikken.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat