Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 19. mai 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Hoksrud, Dagfinn Henrik Olsen, Frank Edvard Sve, May Helen Hetland Ervik, Mats Henriksen og Tor André Johnsen om trygge veier (Innst. 273 S (2025–2026), jf. Dokument 8:214 S (2025–2026))

Innlegget

Elendigheitsbeskriving og krisemaksimering: Ja, det er faktisk det når så mange døyr i trafikken – og talet er aukande. Då er det faktisk alvor. Då må ein tole, når ein sit i regjering, at underteikna og andre meiner at det ikkje vert gjort nok for å forhindre ulykker. Ein klarer sikkert ikkje å forhindre alle ulykkene, sjølv om ein har eit mål om null hardt skadde og drepne i trafikken, eit mål som er ganske langt unna. Men det er ingen tvil om at ein må ta fatt i desse utfordringane. Difor hadde vi ein initiativdebatt i førre periode, difor har vi mange framlegg om dette, og difor kjem vi i Framstegspartiet til å kjempe vidare for tryggare vegar. Difor kjem vi òg med forslag som det vi debatterer no, og vi kjem til å kome med mange andre forslag som ville vere tiltak for å kunne få ned talet på hardt skadde og drepne i trafikken.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat