Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 19. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Hoksrud, Dagfinn Henrik Olsen, Frank Edvard Sve, May Helen Hetland Ervik, Mats Henriksen om bedre rammebetingelser for Nye Veier AS (Innst. 297 S (2025–2026), jf. Dokument 8:227 S (2025–2026))
Innlegget
Eg aksepterer at Raudt, som eit kommunistisk parti, meiner at ein skal ha alt under staten. Det aksepterer eg, men eg er ikkje einig. Den kommunistiske modellen er jo utprøvd i kommunistiske land, og det fungerer utruleg dårleg når det ikkje er konkurranse. Å ha konkurranse er det berande prinsippet for dei vestlege nasjonane. Det er òg eit berande prinsipp her i landet. Kvifor skulle det ikkje vere konkurranse innan vegbygging? Det er konkurranse innan omtrent alle andre sektorar i Noreg, så vidt eg veit. Kvifor skulle det vere eit problem at Nye vegar faktisk klarar å byggje veg billigare, raskare og betre, med ein modell der dei får bygd lange strekningar og utnytta masse struktur? Eg er sikkert den einaste her i salen som har tatt maskinførarbevis og har lov til å køyre gravemaskin. Eg har fått lært litt om korleis det fungerer, med å bruke massebalanse og ting og tang. Det er jo litt av grunnlaget for at Nye vegar har vorte ein slik suksess. Statens vegvesen ønskjer å få dei same moglegheitene. Dei ønskjer også langsiktige budsjett, ikkje berre årlege budsjett. Leiinga i vegvesenet har stått klart og tydeleg på konferansar og sagt at dei ønskjer dei same moglegheitene som Nye vegar har, ikkje berre stykkevis og delt og årevis. Dei ønskjer lange porteføljar. Så kva er problemet, ved at Nye vegar og Statens vegvesen kan konkurrere om prosjekt? Dei burde vere endå meir likestilte som to likeverdige utbyggingsområde, med dei same moglegheitene og dei same porteføljane. Så fekk heller andre funksjonar verte lagde inn under andre område i Vegdirektoratet, slik som vi i Framstegspartiet ønskjer. Eg klarer ikkje å dy meg, og må innom MDG. Når det gjeld Nye vegar, snakkar ein altså igjen om klima- og miljøkrise. Då klarer eg ikkje å unngå å spørje: Kvar er den klima- og miljøkrisa? Eg har brukt heile livet mitt på å vandre i fjellet, naturen og marka. Eg fiskar laks i lakseelvane i store delar av Noreg. Eg har vore overalt som friluftsmann. Då eg var liten, gjekk eg og vassa i avrenningar frå landbruket og industrien, slopne ut som berre det i elvane. Det var raude isbrear, osv. Då var det klimakrise! No i dag er det reint og fint overalt, og det er strenge krav. Så kva er denne klimakrisa, som gjer at ein går på talarstolen i ein debatt om Nye vegar og snakkar om klima- og miljøkrise? Det lurer eg verkeleg på. For det er faktisk stikk motsett: Både Statens vegvesen og Nye vegar byggjer etter dagens lovverk, og dei gjer det glimrande.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat