Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 19. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Hoksrud, Dagfinn Henrik Olsen, Frank Edvard Sve, May Helen Hetland Ervik, Mats Henriksen om bedre rammebetingelser for Nye Veier AS (Innst. 297 S (2025–2026), jf. Dokument 8:227 S (2025–2026))
Innlegget
Eg skal ikkje ta ein debatt om å kartleggje kvar partiet Raudt høyrer til, men eg klarer jo å lese både det som står på nettet, og det som står i historiebøkene, når det gjeld fraksjonane der. Det er greitt at representanten Sølvberg ikkje ser på seg sjølv som ein som høyrer til i ein annan kategori i det partiet, men det er i alle fall eit grunnlag rundt det, som var det eg tok utgangspunkt i. Eg tok ikkje utgangspunkt i at det var ideologien når det gjeld totalitære samfunn eller kva det måtte vere. Debatten dreier seg om Nye vegar og om det skal drivast frå eit statleg styrt organ, som i alle fall er veldig likt det kommunismen står for. Det er det jo staten som skal styre det uansett, og kor det ikkje skal vere private inne i bildet. Eg oppfatte det som innlegget. I tillegg: Når vi snakkar om Nye vegar, handlar det om fri konkurranse, og det er faktisk noko heilt anna. Berre så det er sagt. Når vi ser på Nye vegar som organ og korleis dei har utvikla seg, er det heilt riktig, det som både representanten Hoksrud og andre har vore inne på, at dette er ein suksessfaktor som har utvikla seg på ein sånn måte at Statens vegvesen ønskjer å gjere det same. Vi må få skikkeleg vegbygging i Noreg, og vi må få konkurranse også på prosjekteringsdelen. Når det gjelder utføringa, er det jo konkurranse, med entreprenørar som leverer anbod osv. Sett at ein skulle byggje ny veg frå Otta til Dombås, for å ta eit døme. Då kunne samferdselsministeren ha gjeve eit oppdrag til Nye vegar og Statens vegvesen og seie: Vi skal ha smal firefelts veg. Det skal være fartsgrense på 110 km/t. Det skal vere sånn og sånn standard, med sånn og sånn møtelomme, med tanke på tunge køyretøy, osv. Det skal vere døgnkvileplassar. – No kan de kome med dykkar løysing, med prisfastsetjing. Då vil Statens vegvesen kunne kome med si løysing, Nye vegar vil kunne kome med si løysing, og så kunne samferdselsministeren har valt det som var best for samfunnet, som hadde lågast pris, som gav mest for pengane, og som leverte best på oppgåva. Det ville vore ein skikkeleg konkurranse. Det er også sånn Statens vegvesen ønskjer å gjere det, dei vil ha same moglegheit til porteføljestyring som Nye vegar har. Då hadde ein fått reell og skikkeleg konkurranse også i prosjekteringa og planlegginga av prosjekta, ikkje slik det er i dag, at det er to forskjellige porteføljar. Det er på ein måte greitt nok, men eg trur ein skulle hatt moglegheit til å ha full og reell konkurranse. Det hadde spart midlar for samfunnet, ein hadde fått bygd meir veg, og ein hadde utan tvil fått bygd veg billegare.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat