Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 19. mai 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Hoksrud, Dagfinn Henrik Olsen, Frank Edvard Sve, May Helen Hetland Ervik, Mats Henriksen og Tor André Johnsen om opprettelser av Nye Baner som en del av det etablerte infrastrukturselskapet (Innst. 269 S (2025–2026), jf. Dokument 8:228 S (2025–2026))

Innlegget

Eg trur ein må vere ganske blind i dette landet viss ein ikkje har oppdaga det fullstendige kaoset det har vore innanfor jernbanen i lang, lang tid no under Arbeidarpartiets vakt dei siste åra. Eg trur ikkje ein skal spørje mange togkundar før ein får klare svar på korleis det er, for når ein snakkar med folk, er dei så fortvila at dei ikkje veit kva dei skal gjere. Dei jobbar i Oslo, dei er avhengige av å pendle, og det er berre totalt kaos. Ein kan gjerne skulde på forgjengarar og alt mogleg, men det er ingen – absolutt ingen – som har klart å forklare meg rasjonalet i f.eks. at ein legg ned Flytoget. Samferdselsministeren snakkar om strukturelle endringar. Kva er rasjonalet med å lage endå meir av det eg vil kalle kommunisme, det at ein skal samle alt i staten og ikkje ha noko konkurranse i systemet? Ein kan kalle det det ein vil, men eg kallar det det, for det er det regjeringa eigentleg gjer no: Ein samlar alt og skal ha det i eitt – og så har det liksom vore ein sånn enorm suksess, då. Når det gjeld togsystem og togprosjekt, snakkar ein berre om manglande vedlikehald, for lite pengar og at alt går ad undas. Kva med bygginga, då? Kva med prosjektstyringa? Har det vore ein vanvitig suksess, då? Ta togprosjektet til Moss, til heimfylket til samferdselsministeren: Det skulle koste 1,8 mrd. kr, så vart det vel 5,4 mrd. kr som var totalramma. Kva er det blitt no, 30 mrd. kr, og det vert sikkert 40 mrd. kr? Nei, det er full kontroll, og det er så fantastisk styring! Follobanen var vi sikkert òg med på, men det var jo det same systemet og det same regimet som heldt på å surre med dei greiene, og med Fornebubanen osv. Det er jo ikkje nokon suksess med utbygginga av jernbanen heller. Kvifor skal eg ha tillit til det systemet som ikkje klarer å ha kontroll på økonomien, stikk i strid med det Nye vegar klarer? Dei klarer å byggje veg betydeleg billigare enn det Statens vegvesen gjorde, og Statens vegvesen vil gjerne gjere det same. Kvifor er plutseleg konkurranse innan jernbane, nytenking innan jernbane, eit problem og eit utfordring? I heile resten av samfunnet dannar det grunnlaget og er suksessfaktoren: faktisk å få konkurranse og få nytenking og framdrift – men her skal ein samle alt i eitt selskap, ei gamal løysing som ikkje har fungert tidlegare. Eg forstår absolutt ingen verdas ting.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat