Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 19. mai 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Andreas Limi, Morten Wold, Bård Hoksrud, Dagfinn Henrik Olsen, Frank Edvard Sve, May Helen Hetland Ervik og Mats Henriksen om bostedsfritak for bompenger på Sollihøgda (Innst. 281 S (2025–2026), jf. Dokument 8:179 S (2025–2026))

Innlegget

Senterpartiet vil slå fast at bompengeopplegget på E16 Bjørum–Skaret byggjer på tydelege lokalpolitiske vedtak. For oss er det avgjerande at store samferdselsprosjekt er forankra lokalt, blant dei som faktisk lever med konsekvensane i kvardagen. Men vi må òg vere ærlege: Bebuarane på Sollihøgda har fått ei bompengebelasting som ikkje står i forhold til bruken av vegen. Det svekkjer legitimiteten til ordninga, og det svekkjer òg tilliten til systemet. Når folk opplever at dei betalar meir enn det dei får igjen for, må vi lytte. Vi har fått klare innspel frå både Buskerud og Akershus fylkeskommunar, i tillegg til kommunane. Signala er eintydige: Det er eit sterkt ønske om ei redusert bompengebelasting for innbyggjarane på Sollihøgda. Det er ikkje eit rop om særbehandling, det er eit rop om rettferd. Senterpartiet merkar seg utgreiinga til statsråden om arbeidet med omvendt timesregel. Vi vurderer at dette kan vere eit både fornuftig og treffsikkert tiltak. Det kan bidra til å flytte trafikken over på dei nye vegane, samtidig som det gjev ei meir rettferdig belastning for dei innbyggjarane og det næringslivet som ikkje brukar den gamle traseen til gjennomfart. Samtidig vil Senterpartiet understreke at alle endringar i bompengeopplegget må ha lokalpolitisk tilslutning. Det er ikkje Stortinget som skal overstyre lokaldemokratiet. Vi skuldar både innbyggjarane og næringslivet ei løysing som fungerer i praksis, ikkje berre på papiret, og vi skuldar lokalsamfunnet å lytte når dei seier frå om at dagens ordning ikkje treffer godt nok. Dette handlar om rettferd, dette handlar om legitimitet, og det handlar om å sikre at bompengeordninga i Noreg vert opplevd som rimeleg, forståeleg og rettferdig for dei som faktisk betalar. Miljøpartiet Dei Grøne kom med eit laust forslag i salen her i dag som vil vareta dei bekymringane som er løfta fram i salen i dag. Senterpartiet meiner det er svært viktig at ordninga treffer rett, og vil difor støtte det forslaget. Men – som ei stemmeforklaring – viss ikkje det blir fleirtal for forslaget til Miljøpartiet Dei Grøne, vil Senterpartiet vurdere, utifrå korleis debatten går, å støtte tilrådinga som Høgre og FrP står bak.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Geir Inge Lien (Senterpartiet) — Innlegg · 19. mai 2026 — OverStortinget