Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 19. mai 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Andreas Limi, Morten Wold, Bård Hoksrud, Dagfinn Henrik Olsen, Frank Edvard Sve, May Helen Hetland Ervik og Mats Henriksen om bostedsfritak for bompenger på Sollihøgda (Innst. 281 S (2025–2026), jf. Dokument 8:179 S (2025–2026))

Innlegget

Det er viktig at vi greier å skaffe ei rimeleg løysing for dei som bur i området, og som vert ramma av dei kvardagslege problemstillingane. Det er vi i Senterpartiet veldig opptekne av. Eg synest det er trist at Arbeidarpartiet ikkje vil vere med og sikre eller finne fornuftige løysingar, som representanten Jone Blikra så fint sa her oppe, ved å støtte Miljøpartiet Dei Grøne sitt forslag, som kunne ført nettopp til ei mogleg løysing for både næringsdrivande og lokalbefolkninga. Eg vil difor signalisere at vi i Senterpartiet subsidiært støttar Høgre og Framstegspartiet sitt forslag, for at vi skal vere sikre på at det kjem på plass ei ordning for dei lokale, og at det ikkje skal vere tvil om at vi i Stortinget ønskjer å finne lokale løysingar for dei som vert påført urimelege kostnader ved å få den typen bompengebelasting som vi ser her.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Geir Inge Lien (Senterpartiet) — Innlegg · 19. mai 2026 — OverStortinget