Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 19. mai 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Lars Haltbrekken, Marthe Hammer, Anne Lise Gjerstad Fredlund og Ingrid Fiskaa om nullutslippshurtigbåter (Innst. 279 S (2025–2026), jf. Dokument 8:187 S (2025–2026))

Innlegget

Hurtigbåtane er ein heilt avgjerande del av transporttilbodet langs kysten. Det bind lokalsamfunn saman, sikrar busetjing og legg grunnlag for næringsliv i distrikta. Samtidig er det ikkje tvil om at hurtigbåtane står for eit vesentleg utslepp vi som samfunn må ta på alvor. Nettopp difor er det viktig at vi fører ein politikk som er både ambisiøs og realistisk. Senterpartiet heiar på nye hurtigbåtløysingar. Gjennom offentlege innkjøp kan vi stimulere til lågare utslepp, innovasjon i kystnæringa og verdiskaping og sysselsetjing for framtida. Intensjonen i forslaget er for så vidt god, men for Senterpartiet er ikkje meir sentralisering og statlege etatar rett medisin. For det fyrste meiner Senterpartiet at det framleis bør vere fylkeskommunane som har ansvaret for kollektivtransporten. Fylkeskommunane må setjast i betre økonomisk stand til å drifte og utvikle dei mest hensiktsmessige løysingane for hurtigbåtane. For det andre er vi òg bekymra for kor moden teknologien er. Bak dette ligg det ei nødvendig anerkjenning av at batterielektrisk drift ikkje er berekraftig med dagens skrogteknologi. Eg meiner difor at vi bør vere villige til å sjå på biodrivstoff som energiberar som eit alternativ til batteri per dags dato. Mangelen på kraft når alt skal elektrifiserast er òg ei problemstilling. Difor er Senterpartiet oppteke av at biodrivstoff bør vere ein vesentleg faktor i det vidare arbeidet når vi skal gjere desse båtane grønare. Erfaringa med nullutsleppsferjer viser at det er mogleg å kutte vesentleg i utsleppa frå transportsektoren. Med tid og riktige verkemiddel kan vi òg kutte i hurtigbåttrafikken. Vi må gjere dette på ein måte som tek omsyn til at det er forskjellar i landet vårt. Det er forskjellar i geografi, klima, fartsområde og busetjing. Senterpartiet meiner difor det er rett å vidareføre dagens arbeid og byggje kunnskap steg for steg med fylkeskommunen som motor i den vidare utviklinga.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat