Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 19. mai 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Lars Haltbrekken, Marthe Hammer, Anne Lise Gjerstad Fredlund og Ingrid Fiskaa om nullutslippshurtigbåter (Innst. 279 S (2025–2026), jf. Dokument 8:187 S (2025–2026))

Innlegget

Vi trur faktisk at moglegheitsrommet for å skape biodrivstoff kan vere stort langs kysten. Det er etter mitt syn store moglegheiter som kan takast i bruk, bl.a. i oppdrettsnæringa. Men til det som bekymrar meg no med dei nye anboda som vil kome til fylkeskommunen: Eg er heilt einig med ministeren i at fylkeskommunane er dei rette til å bere dette ansvaret, men vi må setje dei i stand til å gjere det. Det vi ser når det kjem krav til f. eks. elektrifisering, er at dette har ein høg pris. Det vil føre til det vi ofte ser, at ruter blir nedlagde, altså mindre rutetilbod, fordi fylkeskommunane skal setjast i stand til å kunne oppretthalde det grøne skiftet. Det som bekymrar oss i Senterpartiet, og òg næringa som driv med hurtigbåtdrift, er at desse nye anboda og nye krava vil kunne føre til at dette vert så dyrt at fylkeskommunane ikkje har råd til å ta det grøne skiftet. Kva tenkjer ministeren rundt det temaet?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat