Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 19. mai 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Hoksrud, Dagfinn Henrik Olsen, Frank Edvard Sve, May Helen Hetland Ervik, Mats Henriksen og Tor André Johnsen om trygge veier (Innst. 273 S (2025–2026), jf. Dokument 8:214 S (2025–2026))

Innlegget

Senterpartiet deler fullt ut målsetjinga om auka trafikksikkerheit i Noreg og står heilhjarta bak nullvisjonen for drepne og hardt skadde i trafikken. Kvar ei ulykke er ei for mykje, og trafikksikkerheit er eit ansvar som krev langsiktigheit, kunnskap og rette prioriteringar. Samtidig er det viktig å sjå at trafikksikkerheit ikkje løysast med enkle løysingar eller antal bilfelt aleine. Noreg er eit langstrekt land med store variasjonar i trafikkgrunnlag, geografi og lokale behov. Senterpartiet meiner difor at vi må byggje rett og godt nok. Framstegspartiet legg opp til omfattande og kostnadsdrivande føringar, bl.a. knytt til ustrakt bruk av firefeltsveg. Senterpartiet meiner at slike prinsipielle vegval høyrer naturleg heime i arbeidet med neste nasjonale transportplan, der heilskapen, prioriteringane og konsekvensane kan greiast ut samla sett. Trafikksikkerheit handlar i stor grad om vedlikehald, utbetringar og målretta tiltak der risikoen faktisk er størst. I dag veit vi at mange av dei mest ulykkesutsette strekningane ligg på ein fylkesveg. Senterpartiet kjempa for å oppfylle fylkesmilliarden i NTP, og vi kjem til å kjempe for styrkt fylkeskommunalt handlingsrom framføre å overstyre forvaltningsnivået eller flytte ansvaret vekk frå fylkeskommunane. Senterpartiet er òg oppteke av at trafikksikkerheitsarbeidet skjer i tett samarbeid med lokal kunnskap. Det er nettopp difor vi har vore ein pådrivar for meir fleksible vegnormalar, som gjev rom for betre tilpassa løysingar til det beste for både sikkerheit, natur, matjord og ressursbruk. Senterpartiet støttar målet om trygge vegar og færre ulykker, men vi meiner at dei store linjene i dette forslaget bør takast i den heilskaplege og grundige prosessen som Nasjonal transportplan er, ikkje gjennom enkeltvedtak utan full oversikt over konsekvensane. Slik sikrar vi både trafikksikkerheita, ansvarleg ressursbruk og eit vegnett som tener heile landet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat