Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 19. mai 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Hoksrud, Dagfinn Henrik Olsen, Frank Edvard Sve, May Helen Hetland Ervik, Mats Henriksen og Tor André Johnsen om trygge veier (Innst. 273 S (2025–2026), jf. Dokument 8:214 S (2025–2026))

Innlegget

Det har skjedd mykje bra på vegane, og det er bra. Det er mange gode vegar, både firefelts vegar, som vi ser er veldig bra når det gjeld trafikksikkerheit, og to- og trefelts vegar, der vi ser at det er veldig mykje bra som har skjedd. I NTP-en, som vi la i lag, hadde vi ei målsetjing – og ikkje berre ei målsetjing, men vi skulle innfri det å gjere ein god del grep på fylkesvegane våre. No ligg regjeringa bakpå i forhold til å innfri den milliarden ekstra til fylka kvart år. Det er utruleg viktig når vi ser behovet som er på fylkesvegane, og når vi ser at det skjer utruleg mange ulykker, òg dødsulykker. Mesteparten av vegnettet er fylkesvegar i dette landet. For oss i Senterpartiet er det viktig at dette blir innfridd, og spørsmålet mitt er då: No har vi brukt 600 mill. kr på riksvegar, men så er det dette med fylkesvegsatsinga: Vil ministeren innfri sitt løfte om å bruke ein milliard på fylkesvegar per år mens han sit som minister, og når kan vi forvente at det skjer?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat