Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 19. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Hoksrud, Dagfinn Henrik Olsen, Frank Edvard Sve, May Helen Hetland Ervik, Mats Henriksen og Tor André Johnsen om trygge veier (Innst. 273 S (2025–2026), jf. Dokument 8:214 S (2025–2026))
Innlegget
Dette er veldig interessant, når vi ser det behovet som er på nettopp fylkesvegar. Vi i Senterpartiet er veldig opptekne av å bruke pengar på veg og byggje både firefeltsvegar og to- og trefeltsvegar og å bruke vegnormen. Det er utruleg viktig å byggje der behova er, og ut frå behov. Eg er ikkje heilt fornøgd med svaret ministeren gav meg no, for eg vil tru at ministeren vil ha ein ambisjon, eit ønske om at det skal stå at det er bra målsetjingar, og at det har vorte gjennomført god politikk. Det er klart at ein kan ta utruleg mykje i løpet av ein tolvårsperiode, men har ministeren planar og ambisjonar om å innfri det å oppfylle den milliarden kvart år i sin periode? Då vil det seie at det vil begynne å verte meir enn ein milliard i året.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat