Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 19. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Hoksrud, Dagfinn Henrik Olsen, Frank Edvard Sve, May Helen Hetland Ervik, Mats Henriksen og Tor André Johnsen om opprettelser av Nye Baner som en del av det etablerte infrastrukturselskapet (Innst. 269 S (2025–2026), jf. Dokument 8:228 S (2025–2026))
Innlegget
Den norske jernbanen står i ein krevjande situasjon. Manglande vedlikehald og fornying og ei totalt feilslått jernbanereform gjer at vi ser fulle tog, halve togsett, forseinkingar, sniknedlegging av stasjonar og eit rasert verkstadtilbod. Senterpartiet var imot jernbanereforma, men vi meiner òg at Arbeidarpartiet ikkje har gjort nok for å rydde opp i sektoren etter regjeringsskiftet i 2021. Massivt byråkrati, uklare styringslinjer, togkaos, ein samferdselsminister som ser ut til å ha få ambisjonar om å finne løysingar utover å flytte pengar i budsjettet og/eller følgje situasjonen tett – skal seie det går på skinner. Bane NOR har sidan 2023 hatt fem konsernsjefar, to av dei konstituerte. Det er verdt å merke seg at dåverande konsernsjef Thor Gjermund Eriksen bl.a. peikte på uklare styringslinjer og strukturar då han gjekk av. Galskapen vart til slutt totalt blottlagd for offentlegheita då Bane NOR på eige initiativ gjekk ut og varsla stopp i ei rekke prosjekt, utan at statsråden var informert. Kven er det som styrer sektoren? Senterpartiet anerkjenner at det ikkje finst enkle løysingar for jernbanen, som vi kan setje to strekar under svaret på. Men vi er heilt sikre på at det å opprette eit nytt infrastrukturselskap under Nye vegar AS, ikkje er rett veg å gå. Det er nok mangel på politisk styring, og at enda eit selskap som leverer samfunnskritiske oppgåver, skal organiserast utan politisk innflytelse, er heilt uaktuelt. Senterpartiet vil ha ein integrert jernbanesektor med færre selskap og direktørar. Forslaget om å sikre verkstadkapasiteten løyser ingen strukturelle utfordringar, men det er eit grep i rett retning. Senterpartiet støttar difor forslag nr. 1. I mellomtida får vi håpe at Arbeidarpartiet klarar å hoste opp nokre eigne ambisjonar om korleis jernbanen skal sjå ut. Forslaget frå FrP er ikkje løysinga, men det er heller ikkje dagens passive haldning frå regjeringa.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat