Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 19. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Hoksrud, Dagfinn Henrik Olsen, Frank Edvard Sve, May Helen Hetland Ervik, Mats Henriksen og Tor André Johnsen om opprettelser av Nye Baner som en del av det etablerte infrastrukturselskapet (Innst. 269 S (2025–2026), jf. Dokument 8:228 S (2025–2026))
Innlegget
Ro og arbeidsro er viktig, men det er òg viktig å ha kontroll på kven som skal bestemme kva, og korleis det er organisert. I Senterpartiet er vi slett ikkje fornøgde eller slår oss til ro med det arbeidet som er gjort. Ja, ein har teke viktige grep, bl.a. med Flytoget, for å sikre kapasitet, og ein har også teke andre viktige grep innafor sektoren, men Senterpartiet er utolmodig. Det har vi vore i fire og eit halvt år no – i fleire saker, slik som i denne saka – for å få kontrollen på kor pengane går og på investeringane, for å få mest mogleg ut av kronene og ansvarleggjere sektorane til å bruke pengane på ein fornuftig og god måte. Vi ser av demonstrasjonane som har vore utafor her i dag, at det er stor misnøye med korleis det er organisert, og korleis det fungerer. Difor prøver eg nok ein gong å spørje ministeren om han vil seie seg fornøgd med det arbeidet som er gjort, om han føler ein har fullført intensjonane i Hurdalsplattforma, eller om han, som oss Senterpartiet, ser det er eit heilt stykke arbeid som står igjen, bl.a. med direktoratet, for å straumlinje mykje meir innafor bane?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat