Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 19. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Remi Sølvberg og Marie Sneve Martinussen om en god posttjeneste for framtiden (Innst. 280 S (2025–2026), jf. Dokument 8:229 S (2025–2026))
Innlegget
Geir Inge Lien (Sp) [20:29:14] (ordførar for saka): Som saksordførar vil eg takke heile komiteen for eit godt og konstruktivt samarbeid i denne saka. Sjølv om forslaga ikkje får fleirtal, har komiteen hatt grundige drøftingar om korleis vi best kan sikre og prioritere posttenester og informasjonstilgang for heile befolkninga. Ut frå dette vil forskjellige parti kome med både sine eigne forslag og òg sine eigne kommentarar i saka. Etterspurnaden etter brevpost er fallande. Det kan redusere behovet for hyppig ombering, men det endrar ikkje det grunnleggjande: Posttenestene er framleis viktig for mange, særleg for ikkje-digitale innbyggjarar. Frå Senterpartiet sin ståstad er det mest avgjerande å understreke at dersom omberinga vert redusert, er det distrikta og sårbare grupper som vert ramma fyrst. Posten Noreg har ein unik landsdekkjande infrastruktur som kan brukast til distribusjon av både informasjon og nødvendigheitsvarer. Ei nedbygging av dette nettet vil svekkje samfunnets samla beredskap. For Senterpartiet er dette eit kjernepunkt. Vi må ikkje byggje ned strukturen vi ser vi treng i ein krisesituasjon. Senterpartiet meiner lokalaviser speler ei avgjerande rolle for det norske demokratiet og for det norske samfunnets felles motstandsevne i kampen mot desinformasjon og i tilfelle krise eller krig. Vi meiner at tilgangen til nyheiter ikkje skal vere avhengig av eit postnummer. Vidare vil Senterpartiet varsle støtte til forslag nr. 4, frå Raudt og MDG. Forslaga om å greie ut ein landsdekkjande dørterskelteneste og lovfeste avisdistribusjon fekk ikkje fleirtal, men dei peiker på reelle behov som framleis står uløyste. Evalueringa av ordninga viser klare gevinstar: betre informasjonsflyt, meir sosial kontakt og auka tryggleik. Det er gevinstar som ikkje berre handlar om økonomi, men om livsglede og samla ressursinnsparingar for det offentlege. Samfunnsgevinst av slike tenester er større enn kostnaden, både sosialt og beredskapsmessig. Det er ei god investering i det norske folk. Eg tek opp forslaga frå Senterpartiet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat