Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 19. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Remi Sølvberg og Marie Sneve Martinussen om en god posttjeneste for framtiden (Innst. 280 S (2025–2026), jf. Dokument 8:229 S (2025–2026))
Innlegget
Dette er ei viktig sak for oss i Senterpartiet og ikkje minst for det norske folk, som bur i både byar og ikkje minst grisgrendt. Forslaget om å greie ut landsdekkjande dørterskeltenester og å lovfeste avisdistribusjon får ikkje fleirtal no, men dei forsøka som har vore, viser at «På dørterskelen» har vore veldig bra for innbyggjarar og kommunar. Det har totalt sett vore ei viktig teneste å få for samfunnet, og som det har vore sagt frå talarstolen av fleire, har dette òg gjort at folk har kunna vore lenger heime og fungere betre i livssituasjonen. For oss i Senterpartiet er dette viktig å sjå i samanheng. Her vert det færre tenester Posten gjer, men det er utruleg viktig å drive med beredskap og å kunne vere ein beredskap i framtida. Ser ministeren at dette kunne vore ein veg å gå for både å oppretthalde eit viktig tilbod og ikkje minst òg ivareta at folk kan bu heime lenger?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat